Skal bli ein smartare byregion
SMART: Nye Ålesund, Sula og Giske vert første norske bykommunen som blir ein del av FNs United Smart Cities Program.
Nytt

Skal bli ein smartare byregion

Nye Ålesund, Sula og Giske er første byregion i Norge som blir ein del av FNs United Smart Cities Program.

29.10.2018
Målet er å satse på teknologi som bidrar til eit betre samfunn for innbyggarane, opplyser Nye Ålesund i ei pressemelding.
I tillegg til å bli opptatt i FN-nettverket, er det også etablert eit samarbeid mellom FN-nettverket og Offshore Simulator Center ved Campus i Ålesund. Saman skal dei utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling.
Programmet er bygt på FNs berekraftmål.

Smart teknologi

I pressemeldinga blir det vist til at FN er i ferd med å utvikle eit globalt nettverk for smartby- og regionsutvikling. Gjennom nettverket, vil eit team av internasjonale og lokale ekspertar samle inn data for å utvikle smartbyprofilen - ein analyse av regionens av regionens ståstad knytt til bruken av smart teknologi.
Kor suksessfull ein smartregion er, blir ofte målt gjennom til dømes økonomi, energi, transport, helse, skule og styresett.

Skal gjere livet betre

Ein smartregion er ein region som nyttar digital teknologi og innovative metodar for å gjere livet betre for innbyggarane og drifta av samfunnet meir produktivt. Det handlar om å gjere kommunale tenester smartare.
I nokre tilfelle betyr det ny teknologi, som for eksempel sensorar, kunstig intelligens og å samle inn stordataanalyse.
Allereie i dag har både kommunane, NTNU, fylkeskommune og Statens vegvesen små og store smartbytiltak på gang. Nokre av dei er langsiktige forskingsprosjekt, andre er konkrete tiltak innanfor ulike område. Dette kan handle om appar for busstider, sensorar for traffikkmåling eller luftkvalitet, til bruk av teknologi i skule eller eldreomsorg.

Felles mål og retning

Regionen har no høve til å samordne og målrette dette arbeidet gjennom eit felles program.
Nye Ålesund opplyser at analysen som FNs ekspertar gjer ved hjelp av innsamling av data, skal brukast til å gje kommunane eit talbasert grunnlag for vidare arbeid. Dette kan lette arbeidet med å peike ut felles mål og retning og sikre eit systematisk arbeid opp mot FNs berekraftsmål.
Det vert vist til at FN-nettverket synest det er spesielt interessant at kommunane er i ein transformasjonsprosess knytt til både kommunesamanslåing og til samordna klima-, transport- og arealplan.

Publisert: 29.10.2018 09:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27