Green Yard Kleven-verftet i Ulsteinvik melder at dei har sikra seg eit nytt oppdrag med å bygge om fartøyet NG Explorer.
Oppdraget er med det italienske selskapet Next Geosolutions Europe, og båten skal nyttast til å gjere avanserte undersøkingar på havbotnen.
Fartøyet er 58 meter langt og 14 meter breitt – og stikker berre 4,5 meter ned i sjøen, blir det opplyst i pressemeldinga. Skipet skal etter planen leverast innan utgangen av 2025.
– Det er spesielt spennande å kunna annonsere eit så stort oppdrag denne veka, midt i Nor-Shipping-messa i Oslo, uttaler Karl Johan Barstad som er salssjef for ettermontering ved verftet.
Bygd om ved verftet tidlegare
NG Explorer blei opphavleg bygd for offshoreindustrien og levert i 2010. Sidan er det nytta innan oppdrettsbransjen.
Verftet har også tidlegare bygd om fartøyet for ein anna eigar.
No skal Green Yard Kleven bygge om skipet til å utføre operasjonar i offshoremarknaden, mellom geofysiske og geotekniske undersøkingar.
– Gjennom heile kontraktsprosessen utvikla vi sterk tillit til Green Yard Kleven, og vi er imponerte over verftet og deira berekraftige drift, uttaler Michail Drakakis som teknisk flåtesjef hos Next Geosolutions.
Verftet opplyser at dei har hatt god hjelp med å sikre oppdraget frå Grieg Shipbrokers og advokatfirmaet Wikborg Rein.
Skal bygge ny modul
Fartøyet vil bli utstyrt med ein ny innkvarteringsmodul for å auke kapasiteten for personell om bord. Det blir også nytt møterom, kontrollrom og kontor.
Her blir i tillegg eit system for sjøsetjing- og berging (LARS – for launch and recovery systems, journ. anm.) for bruk av fjernstyrte køyretøy.
I akterenden blir det installert ei sokalla A-ramme og diverse anna dekksutstyr. Heile skipet vil bli oppgradert til å operere i farvatn med høge temperaturar.
Publisert: 05.06.2025 17:33
Sist oppdatert: 05.06.2025 23:23






