Green yard kleven resirkulering stovner bad innfelt nordmand borg foto nordic cirkular green yard kleven
NYE STOVNER BAD: Stål frå offshoreskipet Nordmand Borg (innfelt) som er resirkulert ved Green Yard Kleven, utgjer delar av konstruksjonen i nye Stovner Bad i Oslo. Foto: Nordic Circles/Green Yard Kleven
Nytt

Skipsstål får nytt liv i byggebransjen

Offshoreskip resirkulert på Green Yard Kleven utgjer delar av konstruksjonen i nye Stovner Bad.

Marius Rosbach
27.01.2024

Green Yard Kleven er mellom fleire som deltek i eit forskingsprosjekt som nyleg fekk ein storpott fra støtteordninga Grønn Plattform. Til saman 171 millionar kroner skal nyttast til mellom anna å finne ut korleis stål frå skutesider kan nyttast i byggebransjen.

– Stål frå fleire av båtane som har vore resirkulerte ved verftet, blir brukt i dette pilotprosjektet leia av Nordic Circles, fortel Karl Johan Barstad til NETT NO.

Han er leiar for retrofit og nybygg ved verftet i Ulsteinvik, som utgjer ein av mange involverte i forskingsprosjektet. Dei første stålkonstruksjonane er allereie slått ned i bakken der Oslo kommune bygger nye Stovner Bad.

– Det resirkulerte stålet blir nytta som byggespunt. Dette skal vi jobbe med å utvikle vidare framover saman med prosjektleiinga, fortel Barstad.

Byggespunt er støttekonstruksjonar som byggebransjen nyttar i store volum. Det gjer også at potensiale for å redusere utslepp er store påpeiker Barstad.

– Byggeindustrien har eit enormt behov for å redusere Co2-utsleppa sine. Det gjer naturlegvis arbeidet ekstra interessant, legg han til.

Sparar store utslepp
Green Yard-konsernet sirkulerer årleg kring 10.000 tonn stål via europeiske smelteverk.

Når kvart tonn resirkulert stål brukt i ny produksjon, utgjer 1386 kilo spart CO2-utslepp – tilseier det at denne delen av verksemda sparar klimaet for nærare 14.000 tonn CO2-utslepp årleg.

Denne veka fortalde Barstad korleis verftskonsernet jobbar med resirkulering av skip under konferansen Smart Produksjon 2024 i Ålesund. Då peika han på fordelar som kort leveringstid, reduserte kostnader i tillegg til redusert miljøavtrykk.

– Dette er vår smarte produksjon, seier han til NETT NO.

Meir frå Smart Produksjon-konferansen:

– Det er ikkje beint fram
Å overtyde kundane er likevel ei av utfordringane Green Yard-verftet møter i marknaden.

– Det er ikkje beint fram, og marknaden må bearbeidast. Men når dei blir obs på at moglegheitene finst, så ser kundane oppsidene både økonomisk og når det kjem til berekraft, fortel Barstad.

– Mellom anna handlar det om å vise at produkta held mål på kvalitet, legg han til.

Green Yard kleven nordmand borg montasje karl johan barstad foto green yard marius jpg
OPPSIRKULERING: I staden for spikar, blir materiale frå skip som Nordmand Borg mellom anna nytta i byggebransjen. Oppsirkulering blir det kalla. Karl Johan Barstad frå Green Yard Kleven fortalde denne veka korleis verftet jobbar under Smart Produksjon-konferansen i Ålesund. Foto: Green Yard Kleven/Marius Rosbach

Nytt oppdrag via Kongsberg Maritime
Fredag blei det kjent at Green Yard Kleven får i oppdrag å oppgradere forsyningsskipet Seacor Yangtze frå februar.

Kongsberg Maritime melde dagen føre at dei også skal levere utstyr til oppgraderingar av fire skip til – men førebels er det ikkje avgjort kvar desse oppgraderingane skal gjerast.

– Vi håpar naturlegvis å få dei også. Det er prosjekt som er midt i blinken for oss, med kort leveringstid, og som involverer fleire disiplinar, der skipa får ei miljøoppgradering, seier Barstad hos Green Yard Kleven.

Kleven CF Explorer Foto Marius Rosbach 11
STORT OPPDRAG: Arbeidet med å utstyre skipet CF Explorer til nye oppdrag for japanske NTTWM, er mellom dei største verftet har hatt dei siste åra. Foto: Marius Rosbach

Nok å gjere, men håpar på nybygg
Verftet i Ulsteinvik har no kring 70 eigne tilsette i sving, i tillegg til ein del innleige. Barstad fortel at dei har nok å gjere til over sommaren.

Arbeidet med å gjere om CF Explorer til eit moderne kabelskip, tok til i midten av desember, og er den klart største kontrakten for verftet på fleire år.

– Vi merkar også at det er stor press på døra når det gjeld nybygg. Vi jobbar med ulike løysingar for å kome i mål med å signere ei kontrakt også i den marknaden, seier Barstad.

Utvidar verksemda ved Flekkefjord-verft
Verftsindustrien langs store delar av kysten har auka fått ein oppsving i aktiviteten. Seinast denne veka gjekk Vard ut og fortalde at dei trengde 150 nye tilsette dei neste året.

Boomen gjer at Green Yard no vil utvide verksemda ved Feda-verftet i Flekkefjord.

– Green Yard Feda har til no jobba med resirkulering og riggservice, men framover vil vi også bruke verftet til ombygging, og kanskje nybygg, seier Barstad.

Publisert: 27.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 26.01.2024 23:33

Mer om