Sea Shipping Patriot Steyer Trym Foto Sea Shipping
SEKS SKIP TIL SAMAN: Ulsteinvik-reiarlaget Sea Shipping har til saman seks skip i flåten. Her er tre av dei, MS Patriot (f.v.), MS Server og MS Trym. Foto: Sea Shipping
Nytt

– Dette er berekraft i praksis, og samtidig lønsamt

Etter ein serie ombyggingar har Ulstein-reiarlag ei flåte på seks skip – til ein brøkdel av prisen for å bygge nytt.

Marius Rosbach
17.03.2025

Sea Shipping er namnet på eit reiarlag som knapt har vore omtala. 

Etter ein serie ombyggingar hos Green Yard-verfta, har selskapet no ein flåte på seks skip som er skreddarsydd for den veksande fornybarmarknaden. 

–  Vi har funne ein god formel, ved å forlengje livsløpet til skip og utstyr. Ved å gjere oppgraderingar, investeringar og resertifiseringar, ser vi at desse skipa går ut i marknaden og tek gode kontraktar med sterke motpartar, seier Jarle Petter Jøsok til Nett No. 

Herøyværingen er administrerande direktør og grunnleggjar av reiarlaget som held til i Ulsteinvik.

– Dette er berekraft i praksis, og samtidig lønnsamt for reiarlaget, legg han til. 

Rett ut i langstidsoppdrag 
Nyleg fekk Sea Shipping overlevert det siste skipet «Trym» frå Green Yard Kleven -og fartøyet gjekk rett ut i langtidsoppdrag for Helix Energy Solutions.

Jøsok påpeiker Helix  er ein leiande aktør som stiller strenge krav til samarbeidspartnarane sine – og at valet deira stadfestar at at satsinga til selskapet på ombygging er konkurransedyktig på eit høgt nivå.

– Prosjektet har hatt stort fokus på berekraft i heile prosessen og verkar svært nyskapande når det gjeld måten ombygginga er utført på, opplyser Sea Shipping-sjefen. 

Sea Shipping myklebust foto Sea shipping
MYKLEBUST: Reiarlaget fortel at dei legg vekt på å nytte den lokale verftsindustrien. Her er to av Sea Shipping-skipa inne i dokka til Myklebust-verftet i Sande. Foto: Sea Shipping.

Norskbygde skip er ettertrakta
Ein rekke ombygde offshoreskip er no i arbeid i den veksande fornybarmarknaden.

Offshoreskip som er levert frå norske verft er spesielt ettertrakta. Årsaka er kvalitet, både på arbeidet og sjølve stålet som er nytta. 

Det har Sea Shipping vore bevisste på. 

– Kvaliteten på norskbygde offshoreskip opp gjennom tidene er så god at det er berre mindre oppgraderingar som er nødvendige, opplyser Jøsok.

Også nytt spesialutstyr om bord
Samtidig har reiarlaget investert i heilt nytt utstyr om bord. 

– DP-system og offshorekraner er nytt om bord på fleire av skipa, dette er viktige arbeidsverktøy om bord og med dette sikrar vi operabiliteten til fartøyet, fortel Karl Erik Sande som er COO i Sea Shipping. 

Også fleire av skipa er «gamle kjente» i den maritime klynga på Nordvestlandet. 

Det tidlegare Rem Offshore-skipet  Rem Provider er mellom PSV-ane som har fått nytt liv i Sea Shipping-flåten. Og skipet som er bygd om til «Patriot», gjekk tidlegare under namnet Island Spirit og blei levert til Island Offshore i 2006. 

Karl Joahn Barstad green yard kleven Server sea shipping resirkulering foto marius
GJENBRUK: På Green Yard Kleven blir både skip og delar nytta om igjen. Her er salssjef Karl Johan Barstad vertskap for konferansedeltakarar i førre månad. I bakgrunnen eit av Sea Shipping-skipa som no har fått namnet MS Server. Foto: Marius Rosbach

Fleire reiarar vil bygge om
Både Green Yard Kleven i Ulsteinvik og Green Yard Feda har vore involvert i arbeidet med ombyggingane for Sea Shipping. Verfta har som kjent satsa både på ombygging, resirkulering og nybygg. 

Med ei kraftig auke i prisen på nybygg dei siste åra, er det fleire reiarar som vel ombygging.

Då Nett No nyleg var på besøk ved Green Yard Kleven kunne salssjef Karl Johan Barstad fortelje at verftet hadde dobla omsetninga i fjor - mykje grunna veksten i denne marknaden. 

Sea Shipping green yard kleven patriot foto Sea shipping
GREEN YARD KLEVEN: Reinaste «reunion-festen» for eldre offshoreskip omtala Nett No anløpa av fleire fartøy til Green Yard Kleven i desember 2024. Frå høgre: Nordmand Titan – tidlegare Rem Balder, Patriot – tidlegare Island Spirit og Provider – tidlegare Rem Provider. Alle skipa har no fått nytt liv i offshorebransjen. Foto: Marius Rosbach

– Ikkje i tvil om at det er betre å bygge om
Kvar ombygging er ulik og ikkje minst vil prisen avhenge av kva utstyr ein plasserer om bord. Likevel er det ingen tvil om at reknestykket står seg godt mot eit nytt skip som kan koste opp mot éin milliard kroner. 

– Eg er ikkje i tvil om at det er betre å bygge om, både for miljøet og for lønnsemda, i staden for å bygge nytt. Desse båtane er typisk rundt 20 år gamle, og ved å bygge om vil dei ha ei levetid på minst 10 til 15 år til, fortalde Barstad. 

Typiske ting som kan brukast om att – bortsett frå sjølve skroget – er bustadmodular, dekk, innreiing og møblar. 

– Bra å kunne bruke lokale verft
Sea Shipping påpeiker at det på alle måtar har vore naturleg å velje Green Yard Kleven for fleire av ombyggingane.

–  Valet på Green Yard er gjort fordi dei forstår behova våre, og måten vi jobbar på. I tillegg er det bra å kunne bruke lokale verft i Noreg, fortel Karl Erik Sande. 

– Det er ein styrke å utføre ombyggingane i den maritime klynga på sunnmøre, som gir kort veg til viktige leverandørar og kompetanse, legg Jarle Petter Jøsok til. 

Publisert: 17.03.2025 05:00

Sist oppdatert: 16.03.2025 21:04

Mer om