Sørsida Peter Hareide 4
FRAMPEIK: Peter Hareide legg ikkje skjul på at området som skal bli til ein ny bydel er i ganske dårleg stand. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Skal fylle ut for Sørsida si første bustadtomt

Den første steinen blir truleg lagt i sjøen neste sommar.

Den første steinen i byutviklingsprosjektet Sørsida i Ålesund blir truleg lagt sommaren 2024.

I dag er det sjø på plassen som skal fyllast ut rett ut for Sjøgata, om lag på høgde med Pir-bygget.

– Den er i veldig dårleg stand, og har vore det sidan eg var liten, seier dagleg leiar Peter Hareide i Sørsida Utvikling til NETT NO.

No skal snart Statens Vegvesen oppgradere vegen, og dei ønskjer å bruke stein frå Lerstadtunnelen til vegoppgraderinga.

Og når dei er ferdige, vil det stå ei byggeklar tomt att. I kartet under er området merka J.

Sørsida Endelegkart

Vinn-vinn-situasjon
I reguleringsplanen for Sørsida skal her bli eit stort bustadsfelt. Hareide seier at dei og vegvesenet er i ferd med å lande ein avtale der dei får ta i mot steinen.

– Då kan dei fylle ut sjøen, og lage ein omkøyringsveg medan dei oppgraderer Sjøgata.

Planen er at steinen kan bli motteken allereie neste sommar, og det vil då bli første gong noko konkret skjer på gateplan i Sørsida-prosjektet.

Hareide beskriv avtalen som ein vinn-vinn-situasjon for fleire partar. Sørsida får tomt, Statens Vegvesen får bygge ny veg og byen får oppgradert ei kritisk ferdselsåre.

– Og dette var eit prosjekt som vi tidlegare trudde låg nærare 2030.

Sørsida Peter Hareide 2
FERSK: Peter Hareide overtok tidlegare i år jobben som dagleg leiar i Sørsida utvikling. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Ni år
Om avtalen blir halt i land betyr det at ni år har gått sidan områdereguleringsplanen blei vedtatt av Ålesund kommune, som eig heile området, til den første steinen blir lagt.

I 2015 blei planen vedtatt. Byutviklingsprosjektet har hatt fleire nedturar, mellom anna i 2017.

Då skulle eit kulturbygg bli startskotet for heile prosjektet. Økonomiske problem gjorde at det stogga opp.

For to veker sidan vedtok kommunen ein samarbeidsavtale om kulturhamna på Sørsida. I denne hamna, som i reguleringsplanen blir kalla C1 og C2 (sjå kartet lengre opp), er det planlagt at fleire nye kulturarenaer skal dukke opp.

Vidaregåande, kulturskule, Teatret Vårt, eit nytt bibliotek, samt restrukturering eller flytting av eksisterande bygg som Terminalen skal vere i dette området.

Avhengig av fylket
Avtalen er ikkje heilt i boks enno. I desember skal fylkestinget votere over den. Møre og Romsdal fylkeskommune er med fordi dei er ein samarbeidspartnar for heile kulturhamna.

– Om det blir vedtatt er prosjektet formelt i gang. Dermed kan vi i hausten 2024 lyse ut ein konkurranse for å byrje å bygge C2.

Kommunen og fylket vil bygge skulen, som ligg på vestsida (C1), medan ein privat partner skal bygge ut austsida (C2).

Kulturskulen er inne på budsjettplanen til Ålesund kommunale eigendom. For å gjere det meir attraktivt for investorar, vurderer dei også å inkludere bustadsprosjekt i kulturhavna.

Sørsida Peter Hareide 6
STATUSRAPPORT: Peter Hareide viser fram kor langt på veg dei er i Sørsida-prosjektet. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Fylket på sparebluss
Til Sunnmørsposten har fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak uttalt at fylket skal drivast på sparebluss fram til 2027, og den alvorlege økonomiske situasjonen synes att på investeringsbudsjettet administrasjonen la fram forrige fredag.

Av store prosjekt er det berre Ørsta kultur og kompetansesenter som dei legg pengar til. Dette kan føre til at oppstart av bygging av ny vidaregåande skule på Sørsida kan ta fleire år.

Sørsida Utvikling er no ute etter private investorar dei kan gjennomføre Sørsida-prosjektet heilt eller delvis saman med.

Cruise-klinsj
Ei utfordring selskapet har støtt på, er cruisetrafikken. Den ligg i dag til hamn i området der store delar av Sørsida skal utviklast.

– Det kan bli eit problem for bustaddelen som er planlagt heilt utpå kaikanten. Området ved Sjøgata og kulturhamna går fint å bygge.

No i november vil dette bli behandla politisk, og konkurransegrunnlaget blir lagt fram. Om kommunestyret seier ja, vil det bli lyst ut ein konkurranse om kor ei eventuell flytting av hamna kan vere.

Då vil mellom anna bymiljø, støy, skygge, kostnadar og meir bli lagt vekt på for å kome fram til ei beslutning.

– Eg er likevel oppteken av at vi ikkje må snakke om Sørsida mot cruisa. Det handlar om byen.

Sørsida Peter Hareide 3
HAVN MØTER LAND: Hundrevis av cruisepassasjerar kjem til Ålesund nesten kvar dag. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Ting tek tid
Peter Hareide tiltrådte som dagleg leiar i selskapet frå 1. september i år. Han har dei siste åra vore konsulent for selskapet i små og store oppdrag.

Han fortel at bypakken har vore og er veldig viktig for at dei kan utvikle bydelen. Då blir vegane i området lagt til rette.

Alt tek tid, og før mange av prosjekta kan byrje må kritisk infrastruktur leggast i gata. Det vil seie straum, vatn, avløp og liknande.

– Trur du eg kan nyte ein kaffe latte på kulturhamna om ti år?

– Ja, det kan du. Og truleg nokre år før det også.

Publisert: 06.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 06.11.2023 20:41

Mer om