Kulturhavna JAJA architects
Slik illustrerte arkitekten korleis kulturhamna kan bli sjåandes ut. Illustrasjon: JAJA Architects
Nytt

Vedtok Sørsida-avtale i kommunestyret

– Veldig viktig for byen

Samtidig som ordførarkjedet og blomar blei overrekt vedtok det nye kommunestyret ein samarbeidsavtale om kulturhamna på Sørsida seint torsdag kveld.

Voteringa skjedde basert på ei tilråding frå Ålesund kommunale eigedom.

Det er planlagt at det vil bli etablert vidaregåande skule for estestiske fag, lokale til Teatret Vårt og Ålesund kulturskule på tomta som blir kalla C1. Eit eventuelt nytt bibliotek i byen vil også bli plassert her. Målet er at staden vil bli ein samlingsstad for kunst- og kulturinteresserte.

– Dette er veldig viktig for byen, skriv dagleg leiar i Sørsida Utvikling, Peter Wahl Hareide i ein e-post til NETT NO.

Saka må også behandlast i fylkestinget, då fylket etter planane skal vere ein del av samarbeidsavtalen.

Dette var tilrådinga

Tilrådinga frå Ålesund kommunale eigedom inneheldt fem punkt.

  1. Kommunestyret godkjenner avtale om kjøp av 30 prosent av aksjene i Sørsida Eiendomsselskap 2 AS. Kjøpesummen for aksjane ligg på 18,93 millionar kroner, med omkostnadar på ein halv million.
  2. Kjøpet kan finansierast på ein av tre måtar: Kommunen omgjer lån gitt til Sørsida utvikling til kjøp av aksjer i Sørsida Eiendomsselskap 2. Restbeløpet for aksjene samt kommunen sine omkostningar finansierast ved bruk av ubrukte prosjektmidlar frå «Strategisk kjøp og utvikling av
    eigedom», eller at kommunestyret ber Ålesund kommunale eigedom innarbeide investeringa i økonomiplanen for 2024-2027.
  3. Kommunestyret godkjenner samarbeidsavtale mellom partane Sørsida utvikling AS, Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.
  4. Kommunedirektøren får fullmakt til å signere avtalane samt eventuell oppgjersavtale.
  5. Det er kommunestyret si forutsetning at avtalane også blir vedteken av dei andre partane i punkt 3, og uten forbehold.

La ut første tomtene
I juni vart dei første utviklingstomtene på Sørsida lagt ut for sal. To område – eitt på knappe 2000 kvadratmeter og eitt på 1000 blir presentert på heimesidene til byutviklingsprosjektet – og er lagt ut på Finn.no.

Dette var eitt av dei første konkrete eksempla på at ting er i ferd med å skje i utviklinga av det rundt 80 mål store området.

Prosjektet starta opp i 2011
Tidlegare dagleg leiar i Sørsida Utvikling, Kirsti Slotsvik, fortalde i 2021 til NETT NO at ho meinte utviklinga av den nye bydelen har teke lang tid, og at området ikkje framstår på ein bra måte. Då hadde ho trua på at mykje kunne skje med godt tempo framover.

Prosjektet hadde sin spede start i 2011 då det blei kalla for «Sundbyen» og vant arkitektkonkurransen i 2011.

I 2015 kom reguleringsplanen for sørsida av Ålesund sentrum. I 2017 skulle ein ny vidaregåande skule markere starten på prosjektet, og byggeprogrammet var vedteke. Økonomisk krise i fylket gjorde derimot at det ikkje blei noko av, skreiv Sunnmørsposten i 2021.

Publisert: 27.10.2023 11:30

Sist oppdatert: 27.10.2023 11:44