Rita sævik 22 foto privat
SKAL GI RÅD: Dekksoffiser og reiarsjef Rita Sævik frå Herøy har hatt fiske som ein naturleg del av oppveksten. Foto: Privat
Nytt

Skal gi råd for å få fleire kvinner til fiskeriet

Regjeringa skal hauste innspel til arbeidet med likestillinga i bransjen.

Marius Rosbach
24.03.2021

Rita Sævik og Janita Arhaug frå Herøy er to av ti medlemmer i ei referansegruppe som skal gi råd om korleis ein kan fremme likestilling i fiskeriet.

Sævik er profilert som medeigar i reiarlaget Ervik & Sævik, medan Arhaug er prosjektleiar for fiskeri ved NCE Blue Legasea.

Gruppa er sett ned i samband med at Nofima har fått oppdrag frå regjeringa om å lage ein rapport. Her skal dei omtale korleis situasjonen er -og kva tiltak som kan gjerast for å betre forholda.

Berre kring fire prosent kvinner
I fjor var berre 360 av 9504 fiskarar kvinner, som svarar til om lag fire prosent.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen håpar det blir fleire i framtida.

– Eg håpar at fleire kvinner vil velje fiskaryrke i framtida. Det er viktig at næringen tiltrekker seg kompetanse og drivkraft frå heile befolkninga, uttalar han i ei pressemelding onsdag.

Arbeidet blir leia av seniorforskar Edgar Henriksen, og rapporten skal være ferdig i mai.

Arva gleda over sjøen
I eit intervju med NETT NO-magasinet i haust la ikkje Rita Sævik skjul på at ho hadde møtt fordommar som kvinne i fiskeriet.

– Vi har kanskje ikkje kome dit enno, at vi kan ha ein kvinneleg fiskeskipper i den havgåande fiskeflåten. Eg er ikkje så sikker på det, sa ho.

Sævik understreka samtidig at ho meiner utviklinga går i rett retning.

– Eg trur noko av det viktigaste vi som foreldre kan gjere, er å synleggjere gleda vi har av det vi gjer. Eg vaks opp med å fiske med far min, og slik arva eg gleda over havet og det å vere på sjøen. Det passion-et eg har for fiskeri var noko eg fekk heilt uavhengig av kva kjønn eg er, sa ho.

Publisert: 24.03.2021 13:32

Sist oppdatert: 24.03.2021 19:17