Ervik og sævik byggestart mjølstadneset 22
SØNENE STARTA JOBBEN: Sønene til Rita Sævik, Harold og Markus, fekk prøve seg i gravemaskinen då byggestarten blei markert måndag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sonen sette grabben i jorda på Mjølstadneset

Berre lokale firma skal bygge Ervik & Sævik sitt nye hovudkvarter – med «noko attåt».

Marius Rosbach
08.03.2021

Måndag morgon blei spaden sett i jorda for det nye bygget til reiarlaget Ervik & Sævik på Mjølstadneset i Herøy.

Dagleg leiar Rita Sævik hadde invitert entreprenørane som skal bygge ut til å vere med å markere milepålen for det tre etasjar høge bygget.

I tillegg til at nybygget skal huse administrasjonen til reiarlaget, skal det bli plass til fleire andre leigetakarar.

It-selskapet Atea mellom leigetakarane
Rita Sævik kan fortelje at it-selskapet Atea skal flytte inn i andre etasje, og det same skal reiarlaget. I tredje etasje er det ein leigetakar som førebels er konfidensiell.

– Vi har litt plass att i andre etasje og tredje etasje. Det er kring 300-400 kvadratmeter kvar, fortel Sævik til NETT NO.

Prosjektet kostar i overkant av 100 millionar og bygget blir på i underkant av 3000 kvadratmeter. Det er venta å stå klart i mai neste år.

(saka held fram under)

Berre lokale firma
Rita Sævik fortel at det var lokale firma frå søre Sunnmøre som melde seg til prosjektet og var med på runda med anbod.

– Det er vi veldig glade for, legg ho til.

Rise Bygg frå Hareid er totalentreprenør, medan Aurvoll og Furesund frå Fosnavåg har grunnarbeidet og oppdraget som anleggsgartnar.

I tillegg er Fosnavåg Rør, Tussa Installasjon og Egset Ventilasjon frå Volda involvert i prosjektet. Sportstøl Arkitekter i Ulsteinvik har teikna bygget.

– Dette er eit stort og spennande prosjekt for oss, og vi har bra med oppdrag for tida, fortel dagleg leiar Lars-Ove Mork i Rise Bygg til NETT NO.

Arbeidet på Mjølstadneset blir det tredje store prosjektet dei har gåande. For tida er dei i gong med å bygge ny barneskule og brannstasjon i Ulsteinvik, og dei har nettopp avslutta det nye helsehuset på Hareid.

(saka held fram under)

Ervik og sævik byggestart mjølstadneset 11
KLARE FOR BYGGING: Representantar for reiarlag, entreprenørar og arkitektfirma samla for å markere byggestart måndag morgon. Foto: Marius Rosbach

Kaiutbygging gir tru på turisme
Det er også planar om terminal for reisande med dei tradisjonelle kystrutene.

Etter at politikarane i Herøy kommune bestemte seg for å bygge ut kaiområde frå Egersund Herøy til Astorplast, har Sævik fått auka trua på planane om å få på plass ein terminal.

– Når kommunen har bestemt for å bygge tre i staden for to kaiar, ser vi verkeleg potensiale for turismedelen ved prosjektet, fortel Sævik.

Kaia vil ligge midt i leia for kystruteskipa som i dag har stoppestad i Torvika.

Førebels er det ikkje noko avtale på plass med Hurtigruten eller Havila Kystruten, men Havila-eigar Per Sævik har tidlegare uttalt seg positivt til å flytte anløpa til Mjølstadneset.

(saka held fram under)

Rita sævik lars ove mork 11
FLEIRE STORE PROSJEKT: Dagleg leiar Lars-Ove Mork i Rise Bygg har fleire større prosjekt gåande i tillegg til bygget for Rita Sævik og reiarlaget.

Kunstgalleri og kafé
Reiarlaget har vore klare på at dei vil at bygget skal bidra til å skape meir liv i området. I tillegg til næringsverksemd, ønsker dei at plassen skal bli ein møteplass for lokalbefolkninga.

Reiarlaget har i fleire år investert i kunst og denne vil bli brukt i utsmykkinga. Det er også planar om kafé og kantine i det nye bygget.

Fleire utbyggingsplanar
Det var i fjor sommar at Ervik & Sævik la fram planane for eit nytt bygg på nabotomta til Havila-bygget. Tidlegare har dei leigd kontorlokale på Mjølstadneset.

Fleire av nabobedriftene på Mjølstadneset har også planar om å bygge ut.

Egersund Herøy vil investere 50-60 millionar i påbygg og nytt notlager, medan Astorplast vil bygge ny hall. Også Fosnot – eller Fosnavåg Notbøteri – vil utvide verksemda på ei tomt på Mjølstadneset.

Ervik og sævik nybygg 11
NYTT BYGG: Slik er det tenkt at bygget til Ervik & Sævik skal sjå ut når det er ferdig. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

Publisert: 08.03.2021 09:44

Sist oppdatert: 30.06.2021 07:47

Mer om