Gabriele Cruise Service
ÅLESUND: Cruise-Service satsar grønt og skal ha hybrid framdrift på hurtigbåten Gabriele. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Skal gjere Gabriele «grøn»

Ålesund-selskapet Cruise-Service skal oppgradere hurtigbåten Gabriele, og vil ha nullutsleppsbåt mellom Bergen og Ålesund.

25.10.2021

- Vi jobbar no med anbodspapira. Vi har ikkje tatt fast med verft, men vi håper at vi får oppgradert Gabriele i løpet av vinteren.

- Det dreier seg mellom anna om at vi skal ha hybrid framdrift og gjere båten 'grønare', seier dagleg leiar Kåre Gunnar Molvær.

God cruisesesong i 2022
Den ombygde hurtigbåten er frå 1997, tar 200 passasjerar og har ei marsjfart på 28 knop.

Båten vert blant anna mykje brukt til å frakta cruisepassasjerar frå Ålesund. Molvær trur på ein god sesong neste år etter eit langvarig koronastopp.

- Vi kjem nok ikkje tilbake til situasjonen i 2019, men vi trur likevel at vi neste år vil frakte mellom 20.000 og 30.000 cruisepassasjerar.

Ny Stad-rute
Men selskapet har også planar om ei fast rute mellom Ålesund og Stad, og ser fram til at arbeidet med Stad skipstunnel startar.

- Blant anna vil det vere behov for transport av mellom 800 og 1.000 passasjerar i månaden mellom Ålesund og Stad på grunn av tunnelbygginga.

- Vi ser no på ulike rutealternativ, men slik det ser ut til no er den indre ruta mest aktuell.

Vil ha nullutsleppsbåt til Bergen
Cruise-Service har også den tidlegare fjordabåten Bruvik frå 1949, ein båt som kan ta 153 passasjerar, og har vore mykje brukt til ulike arrangement på søre Sunnmøre, ikkje minst til vinturar.

Men selskapet ønsker å vekse, og er klar til å ta del i konkurransen om ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund.

- Her bør fylka snarast kome i gang, slik at vi og andre aktørar kan starte planlegginga.

- Dette bør absolutt verte ei nullutsleppsrute, seier Molvær.

Vil satse
Han karakteriserer utbygginga av Stad skipstunnel som det største sjøfartstiltaket nokon gong i Norge.

- Tunnelen vil opne mange nye mulegheiter, og vi er klare til å satse.

Cruise-Service sysselsette 20 personar i fjor, der ti arbeidde på ruta Holmestrand - Langøya.

Hovedaksjonær er Roger Halsebakk og familiens selskap Ronja Capital II, med 30,2 prosent av aksjane, medan Kjølås Stansekniver ved Frode Håkon Kjølås eig 29,5 prosent.

Torstein Holsvik eig 22,6 prosent gjennom Waterstone Holding, medan Kåre Gunnar Molvær eig 17,7 prosent gjennom Molver Marine.

Publisert: 25.10.2021 05:50

Sist oppdatert: 24.10.2021 15:35

Mer om