Gabriele crusie service 2
FOSNAVÅG: Stor jubel då Gabriele hadde sitt første stopp i Fosnavåg på ruta Ålesund - Stad, men passasjerane svikta dette første forsøket. Her dagleg leiar Kåre Gunnar Molvær i Cruise Service (nr. to f.v.) saman med Merethe Hjertø Flusund, Trond Arne Aglen, Bjørn Prytz og Hilde Gråberg Bakke. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi ser fram mot neste år

Koronapandemien har sett ein stoppar for mange av planane til Cruise Service. Eigarane ser fram mot 2022.

02.08.2021

- Dette vart ikkje slik vi hadde sett for oss. Det sette koronapandemien ein effektiv stoppar for. No prøver vi å halde det gåande så godt vi kan, og ser fram til neste år.

- Då håper vi å vere i gang att for fullt.

Det seier dagleg leiar Kåre Gunnar Molvær i Cruise Service.

Lokal satsing
Bak denne lokale cruisesatsinga står kapitalsterke aktørar som har skaffa seg den tidlegare fjordabåten Bruvik frå 1949, i tillegg til den ombygde hurtigbåten Gabriele frå 1997.

I 2020 gjekk hadde selskapet eit resultat før skatt på minus 2,4 millionar kroner (sjå tabell under).

Inntektene stoppa på 30,2 millionar kroner, der 1,3 millionar kom frå den statlege kompenasasjonsordninga for perioden mars til juli.

- Sidan vi er vekstbedrift, fekk vi ikkje meir støtte, seier Molvær.

Cruise Service
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 30,2 22,9
Driftsresultat 0,4 2,1
Resultat før skatt -2,4 -0,3

Populære vinturar
Men trass i at det var laber cruiseaktivitet, kom inntektene opp i 30,2 millionar kroner.

- Dette skuldast at vi driv ei rute frå Holmestrand til Langøya. Det gir stabil inntekt, forklarer Molvær.

Men dei store inntektene var venta å kome frå drifta av Bruvik og Gabriele.

Den tidlegare fjordbåten Bruvik kan ta 153 passasjerar, og har vore mykje brukt til ulike arrangement på søre Sunnmøre, ikkje minst til vinturar.

- Dette har vore populært, og vi har starta opp med fleire nye turar i haust.

- På grunn av koronarestriksjonar har vi sett eit tak på 50 passasjerar per tur, der vi har servering, seier Molvær.

Vil ha ny Stad-rute
Gabriele kan ta 200 passasjerar og har ei marsjfart på 28 knop, og skulle blant anna brukast i passasjerbåtruta mellom Ålesund og Stad.

Men denne satsinga vart avslutta. Men eigarane gir ikkje opp, og planlegg ny oppstart neste år, og har etablert eit samarbeid med Vanylven Utvikling og Stad Vekst for å leggje opp til eit berekraftig alternativ.

På sikt er også planen å konkurrere om passasjertrafikken langs Vestlandet, spesielt etter at Stad skipstunnel er ferdig.

- Vi får sjå kva det vert til, men vi har slett ikkje gitt opp denne satsinga. Noko vert det, seier Molvær.

Bruvik foto Cruise Services
BRUVIK: Den tidlegare fjordabåten Bruvik frå 1949 kan ta 153 passasjerar. I år har det vore lite aktivitet på grunn av korona, men aktiviteten er på nytt i gang i haust.. Foto: Cruise Service
Dette er første cruiseoppdraga for oss på eitt og eit halvt år. Utruleg gledeleg
Kåre Gunnar Molvær

Endeleg nytt cruiseoppdrag
Han gler seg over at Cruise Service selskapet nyleg har fått bestillingar på fire turar når det tyske cruiseskipet Mein Schiff 1 kjem til Ålesund i slutten av august.

- Dette er første cruiseoppdraga for dei store cruiseselskapa for oss på eitt og eit halvt år. Utruleg gledeleg, seier Molvær.

Dei tyske turistane skal delta på eit skjergardscruise.

- Tre turar vert med Bruvik, den fjerde med Gabriele, seier Molvær.

Kapitalinnsprøyting
Eigenkapitalen er på 1,7 millionar kroner, og den langsiktige gjelda på 70 millionar. Det siste er 19 millionar kroner enn året før.

I februar i fjor tilførde eigarane 9,7 millionar ekstra gjennom konvertering av gjeld.

Selskapet sysselsette 20 personar i fjor, der ti arbeidde på ruta Holmestrand - Langøya.

Hovedaksjonær er Roger Halsebakk og familiens selskap Ronja Capital II, med 30,2 prosent av aksjane, medan Kjølås Stansekniver ved Frode Håkon Kjølås eig 29,5 prosent.

Torstein Holsvik eig 22,6 prosent gjennom Waterstone Holding, medan Kåre Gunnar Molvær eig 17,7 prosent gjennom Molver Marine.

Publisert: 02.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 02.08.2021 08:03

Mer om