Cruise service kåre molvær torstein holsvik 11
KLARE - MEN FØRST TIL NESTE ÅR: Kåre Molvær og Torstein Holsvik nytta hurtigbåten Gabriele då dei testa Ålesund-Stad-ruta i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fekk ti års løyve til båtruter

Cruise Service får segle Ålesund-Stad og sightseeing i trekantsamband – men startar truleg ikkje i år.

Marius Rosbach
05.05.2021

Eit samrøystes samferdsleutval i Møre og Romsdal ga tysdag ti års løyve til selskapet Cruise Service om to båtruter frå Ålesund.

Løyve gjeld frå no og fram til mai 2031 for ei hurtigbåtrute mellom Ålesund og Stad og ein sightseeingbåt i eit trekantsamband mellom Ålesund, Giske og Alnes. Om drifta ikkje er sett i verk innan utgangen av 2022, fell løyve vekk.

Ruta vil ha ei indre og ytre led, der førstnemnte blir nytta om vinteren og ved dårleg ver, med følgjande stoppestader:

  • Ålesund, Fosnavåg, Sandshamn, Åheim, Stad (Otnheimneset) – og retur.
  • Ålesund, Eiksund, Sandshamn, Stad (Otnheimneset) – og retur.

SV lufta miljøkrav
Kim Thoresen-Vestre (SV) lurte på om det var mogleg å korte inn avtalen, slik at den slutta før 2030. Bakgrunnen er fylkeskommune mål om klimakutt innan dette årstalet, og SV-politikaren meinte eit slikt grep kunne bidra til ei overgang til klimanøytral drift på aktuelle båtrutene.

Frank Sve (Frp) meiner utvalet ikkje burde «rote det til» med å gi løyve på ni år, og fekk støtte frå Bjarne Kvalsvik (Folkelista) som påpeika at dei hadde søkt om løyve på ti år.

Nye lovkrav vil gjelde uansett
Samferdselssjef Arild Fuglseth opplyste at det ikkje var mogleg å legge inn krav når det var ei teneste eit privat selskapet skulle stå for.

– Det ville vore noko anna om fylkeskommunen skulle betalt for dette, påpeika han.

Fuglseth la til at nye lovkrav om utslepp som kan bli innført frå styresmaktene både for ferje- og hurtigbåttrafikk, uansett også ville desse rutene. Kim Thoresen-Vestre (SV) let difor vere å sette fram noko endringsforslag.

Mista ikkje trua etter tap i fjor
Cruise Service forsøkte seg i fjor med alternativ drift med hurtigbåt mellom Ålesund og Stad i fjorårssesongen. Det blei eit tapsprosjekt, men selskapet har likevel trua på ei slik rute.

I førre månad opplyste dagleg leiar Kåre Molvær at dei ikkje ville segle Ålesund-Stad i år, men truleg vil starte opp at til neste år. Det same blir opplyst i saksutgreiinga til konsesjonsløyve.

Tidlegare har selskapet basert drifta på cruiseturistane, som ikkje kom i fjor.

Publisert: 05.05.2021 12:08

Sist oppdatert: 06.07.2022 23:04

Mer om