Skal ha ferdig fabrikk innan to år
Teikningane til Arctic Bioscience sin nye fabrikk i Hovdebygda er klare. Målet er å vere ferdigbygd innan to år.
Fabrikken skal byggast som ei utviding/tilbygg til lokala Arctic Bioscence allereie har i Hovdebygda i Ørsta.
Målet er å kunne utvide produksjonskapasiten både for selskapet sine helsekostprodukt og komande legemiddelproduksjon.
Ny fabrikk skal både gi grunnlag for større produksjon, inntekter og betre lønsemd, ifølgje halvårsrapporten til Arctic Bioscience.
Silderogn
Arctic Bioscience (tidlegare Arctic Nutrition) starta som eit helsekostselskap med produkt basert på silderogn, og arbeidde seg inn i legemiddelbransjen.
Arctic Bioscience har allereie fått gjennomført dei første forsøka for å teste verknaden av eit silderognbasert produkt som legemiddel mot hudsjukdomen psosiasis og skal starte eit nytt og større i første forsøk i første halvår neste år.
Les også
Selskapet har også inngått ein samarbeidsavtale med Smerud Medical om å utvikle og teste eit produkt som skal ha ein positiv verknad på hjerneutviklinga for tidleg fødde.
Børsnotert
Arctic Bioscience blei tatt opp til notering på marknadsplassen Euronext Growth på Oslo Børs 24. februar i år.
Første børsdag var kursen 27,5 kroner per aksje. Toppen blei nådd 24. mars, med 30 kroner per aksje.
Etterpå har kursen falle i rykk og napp. Før børsopning i dag er den 18,50 kroner per aksje, som verdset selskapet til 450 millionar kroner.
Arctic Bioscience AS | ||
1. halvår. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 12,0 | 8,0 |
Driftsresultat | -20,8 | -10,1 |
Resultat før skatt | -21,2 | -10,3 |
Publisert: 26.08.2021 08:51
Sist oppdatert: 17.11.2021 13:08