Prematurt barn Arctic bioscience
UTVIKLE HJERNA: Barn som er fødde før 28 veker i svangerskapet har enno ikkje ei fullt utvikla hjerne. Arctic Bioscience arbeider med å utvikle eit legemiddel som kan hjelpe til med den utviklinga av hjernen. Foto: Arctic Bioscience
Nytt

Arctic Bioscience skal teste nytt legemiddel

Inngår forskingssamarbeid med Smerud Medical Research International for å utvikle medisin som skal hjelpe tidlegfødde barn.

21.05.2021

Målet er å teste ut om eit middel basert på silderogn, kan medverke til at hjernen til for tidlegfødde barn utviklar seg som den skal.

Det handlar om barn som er fødde før det er gått 28 veker av svangerskapet, på eit tidspunkt der hjernen ikkje er fullt utvikla.

Målet med samarbeidet er å teste ut om docosahexaensyre - ei omega-3 fettsyre som kan utvinnast mellom anna frå silderogn - vil ha ein positiv effekt på hjerneutviklinga til dei som er fødde ekstra tidleg.

Les børsmelding her

Legemiddel mot psoriasis
Ideen til satsinga vart unnfanga for eitt og eit halvt år sidan, og arbeidd med sidan, seier administrerande direktør Ole Arne Eiksund i Arctic Bioscience.

Selskapet blei børsnotert i februar i år, og har arbeidd i fleire år med å utvikle og teste eit produkt basert på silderogn som eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.

Dette produktet har vore gjennom ein medisinsk test ved Universitet i Bergen/Haukeland sjukehus. No er selskapet i ferd med å førebu ein større test, nettopp i samarbeid med Smerud Medical Resarch.

Legemiddel nummer to
500 personar frå sju land i Europa skal vere med på studien, og dei første testpersonane vil starte å teste ut middelet i første kvartal neste år.

Eiksund seier at test- og utviklingsprogrammet av legemiddelet for nyfødde kan gå inn eit raskare løp, slik at Arctic Bioscience vil kunne lansere to legemiddel i marknaden om lag samstundes om alt klaffar,

Fabrikk i Ørsta
Arctic Bioscience er allereie etablert som helsekostprodusent, og planlegg å utvide fabrikken i Ørsta for i første omgang å produsere helsekostprodukt.

Når legemiddelgodkjenninga er på plass, er planen å produsere legemiddel i Ørsta.

Største aksjonærar i Arctic Bioscience er fire investeringsselskap med adresse på Nordvestlandet,

Pir IV Invest (9,01 prosent), Ronja Capital (7,51 prosent) og Capra Invest (6,36 prosent) og Møre og Romsdal Såkornfond (5,41 prosent).

Børsverdi på 575 millionar
Før børsnoteringa tidlegare i år, henta selskapet inn 345 millionar kroner i ny eigenkapital.

Emisjonen verdsette selskapet til knappe 800 millionar.

Ved børsslutt torsdag var aksjekursen 22,995 kroner per aksje, som verdset Arctic Bioscience til 575 millionar kroner.

Publisert: 21.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 17.11.2021 13:07