Skal ha nok straum til ein by
STOR KUNDE: Datasenteret i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord har vekstplanar som vil gjere det tilein av dei største straumforbrukarane i Sogn og Fjordane. Konserndirektør for nett i Sog og Fjordande Energi, Asgeir Aase , seier utvida straumforsyningskapasitet kan vere klar i løpet av 2022.
Nytt

Skal ha nok straum til ein by

Det skal investerast 140-150 millionar kroner for å skaffe datasenteret i Lefdal fem gangar meir straum enn i dag.

07.05.2020
Sogn og Fjordane Energi har fått klarsignal frå NVE på søknaden om å bygge ut straumforsyninga til datalagringssenteret Lefdal Mine Datacenter i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord. Leidningsnettet som skal forsynet datalagringsnettet med straum må oppgraderast og det skal byggast ein kopling- og transformatorstasjon ved anlegget. Kopling- og transformatorstasjone blir dels ute og dels inne i gruveanlegget.
Til saman kjem investeringa på 140-150 millionar kroner, anslår Asgeir Aase. Han er konserndirektør for kraftnettet i Sogn og Fjordane Energi.
Kostnaden blir delt mellom Lefdal Mine Datacenter og Sogn og Fjordane Energi.
Utbygginga kan vere ferdig i 2022, seier Aase.

Mellomstor by

Etter å ha utvida kapasiteten ein gong sidan opninga er forsyningskapasiteten no på 20 Megawatt. Det er det over det dobbelte av forbruket i dag, men ikkje nok om datasenteret får den veksten selskapet drøymer om.
Vekstambisjonane til datalagringsenteret gjorde at Sogn og Fjordane i 2018 søkte NVE om konsesjon til å utvide kapasiteten opp til 60-100 Megawatt.

100 Megawatt tilsvarar straum til 40.000-50.000 husstandar, ein mellomstor norsk by. Eit slikt forbruk vil gjere datasenteret til ein av det største straumforbrukarane i Sogn og Fjordane, og vil vere nærleiken av straumforbruket til Norsk Hydro sitt smelteverk i Høyanger og smelteverket i Svelgen.

Stor kunde

Sogn og Fjordane Energi var ein av medeigarane i Lefdal Mine Datacenter. Kraftselskapet selde seg ut saman med dei andre norske eigarane då investeringsfondet "The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" kom inn som eigar. Fondet har kjøpt ut dei norske eigarane og skyt også inn nye pengar i selskapet, som NETT NO skreiv i går.

Men om kraftselskapet er ute på eigarsida har det fått ein kunde i sitte eige nabolag, med ambisjonar om å bruke mykje straum. Då NETT NO i august 2019 skreiv om søknaden om å få utvide kraftforsyningkapasiteten anslo Sogn og Fjordane Energi at 100 Megawatt ville tilsvare 250-300 millionar kroner i årleg betaling for kraft og nettleige. I dag er kraftprisen lågare, men det er usett snakk om store inntekter.

Vil bli enda større

I pressemeldinga i samband med kapitalutvidinga og oppkjøpet av Lefdal Mine Datacenter står det at målet er utvide kapasiteten til 200 Megawatt.
Det krev dobbelt så stor straumforsyningskapasitet som Sogn og Fjordane Energi skal bygge ut i denne omgang. Det er ein kapasitetsauke Sogn og Fjordane Energi førebels ikkje har starta planlegging av, ifølgje Aase.

Publisert: 07.05.2020 12:35

Sist oppdatert: 12.06.2022 14:01

Mer om