Skal jobbe utanfor Nederland og England
VIND: Slik vert dei nye vindmølleskipa frå Havyard til danske Esvagt. Skipa skal jobbe på vindmøllefelt utanfor Nederland og England.
Nytt

Skal jobbe utanfor Nederland og England

Vindmølleskipa Havyard skal byggje for Esvagt har langtidskontraktar med vindkraftselskapet MHI Vestas.

18.12.2018
Dette opplyser Havyard Group måndag etter at selskapet torsdag varsla om at ein hadde vunne kontrakt på to skip innanfor fornybar energi-segmentet.
Og som tidlegare er det danske Esvagt som bestiller vindmølleskip frå Havyard. Dei to nye skipa vert det sjette og sjuande skipet frå Havyard til Esvagt.
Det kan også verte endå eit skip ettersom det i kontrakten er opsjon på skip nummer tre.

Borssele og Triton Knoll

Vindmølleskipa skal arbeide på felta Borssele 3-4, som ligg 22 kilometer utanfor Zeelandkysten i Nederland, samt på Triton Knoll som ligg 33 kilometer frå kysten av Lincolnshire i England.
Første skipet skal leverast i tredje kvartal 2020, medan det andre skal leverast i første kvartal 2021.
Skipa er av Havyard-design 831 L SOV, eit design som er utvikla i tett samarbeid mellom Havyard Design & Solutions, reiar og operatør for å finne dei beste og mest effektive løysingane.
- Skipet er designa for å gi optimale posisjoneringseigenskapar og Havyard Design & Solutions har tatt i bruk noko av det ypparste innan teoretiske utrekningar for å forutseie skipets eigenskapar.
- Vår lange erfaring med denne skipstypen har gitt skipet komfort og sikkerheit av svært høgt nivå, seier designsjef Arve Leine i pressemeldinga.

Publisert: 18.12.2018 09:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26