Konrad Lillevevang foto tone molnes
NY JOBB: Konrad Lillevevang er tilsatt som leiar for Utdanningsdirektoratet sitt nye nasjonale senteret for yrkesfag i Molde. Foto: Tone Molnes
Nytt

Skal leie nytt nasjonalt senter frå Molde

Skal styrke fag- og yrkesopplæringa i heile landet.

Marius Rosbach
22.04.2025

Utdanningsdirektoratet etablerer eit nytt nasjonalt senter i Molde, som skal bidra til å utvikle og styrkje fag- og yrkesopplæringa i heile det yrkesfaglege utdanningsløpet. 

Konrad Lillevevang skal leie senteret, ifølgje ei pressemelding tysdag. 

Senteret opnar dørene i august og skal vere i normal drift frå 2026.

Lillevevang startar i stillinga under Arendalsuka 2025, der han skal delta i eit felles arrangement mellom LO, NHO og Utdanningsdirektoratet om det nye nasjonale senteret for yrkesfag.

Han kjem frå stillinga som dagleg leiar for den tverrindustriselle næringsklynga NCE iKuben. 

Lillevevang ser fram til å ta fatt på oppgåvene i si nye rolle. 

– Å utdanne fleire fagarbeidarar er ei nøkkeloppgåve for å sikre at vi som samfunn kan løyse dei oppgåvene vi står overfor dei neste tiåra. Eg ser fram til å bidra med å bygge opp det nasjonale senteret, samarbeide med sentrale partar og å bidra til å utvikle fagopplæringa i Noreg, uttaler han i meldinga. 

Senteret skal:

  • styrkje kvalitets- og utviklingsarbeidet i fag- og yrkesopplæringa i heile det yrkesfaglege utdanningsløpet, og bidra med kunnskap til relevante avgjerdsorgan på alle nivå.
  • bidra til å få fleire til å gjennomføre ei yrkesfagleg utdanning, og utvikle framifrå yrkeskompetanse gjennom styrkt kopling opp mot arbeidslivet.
  • kartleggje lokale, regionale og bransjevise utviklingstrekk.
  • vere ein kunnskapsbase for fag- og yrkesopplæring, og bidra til å utvikle yrkesfaga i tråd med samfunnets og arbeidslivets behov.
  • opprette eit nytt råd som skal gje anbefalingar om senterets oppgåver og prioriteringar.

Publisert: 22.04.2025 13:44

Sist oppdatert: 22.04.2025 13:44

Mer om