På vegen til fagbrev har Aron Støylen Jøsok allereie vore med litt av kvart i jobben i lokalavisa Vikebladet Vestposten.
Sidan han starta som lærling i innhaldsproduksjonsfaget har han fått lov til å utforske å filme, redigere, intervjue – og ikkje minste lage ein eigen podcast for motorinteressert ungdom.
Då vi spør om kva som har vore høgdepunktet so langt, er han ikkje i tvil.
– Det var å jobbe samen med ein lærling frå Sunnmørsposten med å dekke prinsessebryllupet i Geiranger i fjor. Det var veldig gøy og artig. Vi sette opp eit lite studio, og jobba med fleire kamera og live-sendingar. Eg synes det var ei stor oppleving, seier 19-åringen til Nett No.
Saman med lærlingen i regionavisa har han også hatt ansvar for direktesendingar frå Hødd sine treningskampar.
Vi sette opp eit lite studio, og jobba med fleire kamera og live-sendingar. Eg synes det var ei stor oppleving

Mellom dei første i landet
Det er kome inn fleire nye programområde innan ikt- og medieproduksjon på vidaregåande. Herøyværingen er mellom dei første i landet som siktar seg inn mot eit fagbrev i denne utdanninga.
Ungguten meiner utdanninga absolutt er ei retning å gå for dei som til eksempel er interesserte i data, teknologi eller sosiale media.
Jøsok fortel at han sett pris på variasjonen i arbeidet og han likar å lage ting sjølve. Han lagar gjerne også sketsjar med kameraet, og fortel at han synest ein jobb innan filmproduksjon verkar spennande.
– Eg likar beste å filme og redigere, fortel han.
Siktar seg inn på fagbrev til hausten
19-åringen jobbar måndag til fredag frå klokka 8-16, slik resten av redaksjonen i lokalavisa gjer. Han kjente til arbeidsplassen frå før, fordi han hadde praksis der tidlegare i utdanningsløpet.
– Eg ville i ei mediebedrift der eg kunne gjere litt forskjellig, og eg synest det var eit kjekt miljø i avisa då eg var i praksis. Då var det naturleg å velje Vikebladet, fortel han.
No siktar han seg inn mot fagbrev til hausten.

Utfordringa er få tak i nok bedrifter
Rådgivar Roy Arild Tvedt ved opplæringskontoret Komputor meiner dei nye utdanningane i ikt- og medieproduksjon med fordel kan få meir merksemd.
Dei har mange ungdomar på lista som treng praksis eller læreplass.
– Utfordringa vår er å få tak i nok bedrifter - og at dei ser at dei kan utdanne sine eigne fagfolk, fortel han til Nett No.
– Vi meiner det ligg eit stort potensiale for fleire læreplassar i mange bransjar, legg han til.
Vi meiner det ligg eit stort potensiale for fleire læreplassar i mange bransjar
– Mange hamnar i utanforskap
Tvedt påpeiker at desse utdanningane treff ei variert gruppe.
Innan it er det nokre som er introverte og kanskje mest interessert i å lage programvare, og det er dei som er meir sosiale og praktisk anlagde, som synest it-drifta er meir spennande.
Innhaldsproduksjon er ein bransje som veks, og som ikkje berre omfattar marknadsføring og mediehus, men også dei fleste større bedrifter som ønsker å vere synlege digitalt.
– Det er ikkje alle som passar til å jobbe i omsorg eller vere fagarbeidarar i industrien. Mange hamnar i utanforskap, og har teke feil val. No har vi fått ei yrkesfag for desse ungdomane, seier Tvedt.
– Yrkesfag er kortaste vegen
Samtidig som behovet for teknologikompetanse er venta å auke i ein rekke bransjar framover - er det færre unge som skal inn i arbeidslivet.
Berre i Møre og Romsdal er det venta at elevkulla går ned frå kring 9.000 til 7.300 innan 15 år.
Det betyr tøffare kamp om framtidas arbeidstakarar.
Tvedt meiner ein god start for ei bedrift vil vere å ta i mot elevar på praksis medan dei går på skule.
– Yrkesfag er kortaste vegen til å rekruttere og utdanne eigne fagfolk, seier rådgivaren.
Etter to år på skule og to år i ei eller fleire bedrifter, er dei klare til å gå inn i arbeidslivet. Og då slepp ungdomane reise vekk frå lokalmiljøet for å ta utdanning, påpeiker Tvedt.
– Fagbrev kan også vere starten på vegen vidare for dei som ønsker. Etter påbygg kan ein gå vidare til høgskule og universitet, legg han til.
Publisert: 03.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 03.03.2025 19:10