Skal meir enn doble staben
Sparebanken Vest har sikra seg lokale i Ålesund med plass til over dobbelt så mange tilsette som i dag.
Banken sitt avdelingskontor i Ålesund skal flytte inn i lokale i Kongens Gate 1 i Ålesund, der klesbutikken Vic tidlegare heldt hus.
Det nye lokalet gir plass til 25 tilsette, og planen er å bli så mange. I dag har avdelingskontoret 11 tilsette.
I slutten av august i fjor opna Sparebanken Vest kontor ved St. Olavs plass i Ålesund, men dei kontora er nesten fulle.
Ein milliard opp
Før Sparebanken Vest opna avdelingskontor i Ålesund hadde banken utlån på omlag 3,5 milliardar til bedrift- og privatkundar på Nordvestlandet.
I dag har utlåna auka til omlag 4,5 milliardar kroner, ifølgje Heggstad, og utlåna har auka både i privat- og bedriftsmarknaden.
Banken la i dag fram reknskapstala for 2020 (sjå tabell). Les børsmelding her
Rekrutterer
Mykje av bemanningsauken til Sparebanken Vest i Ålesund skal skje fram til våren 2023.
Nett no er banken i ferd med å tilsette to nye, og når det blir vår neste år er planen å vere oppe i 18 tilsette.
Handplukka
Torstein Heggstad fekk tidleg i 2020 tilbod å å leie oppbygginga av Sparebanken Vest sittkontor i Ålesund.
- Eg opplever det som ein sjeldan sjanse til å bygge opp sitt eige team innan bank og finans, med eit sterk konsern i ryggen, sa Heggstad til NETT NO etter at han hadde fått jobben.
Heggstad kom frå stillingen som toppsjef hos Eivind Volstad sitt selskap, Volstad as der han mellom anna leia selskapet gjennom refinansiering og sal av offshoreflåten.
Sparebanken Vest | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Inntekter | 4563 | 4046 |
Resultat før tap | 3024 | 2598 |
Resultat før skatt | 3055 | 2392 |
Publisert: 02.02.2022 14:32
Sist oppdatert: 02.02.2022 14:32