Ina Eldøy Stranda hotel ny
REKRUTTERING: Stranda hotell og hotelldirektør Ina Eldøy er ei av tjue bedrifter som hittil er med i eit prosjekt som skal sikre fleire fagfolk til reiselivsnæringa. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Samarbeid for å rekruttere fagfolk til reiselivet

20 bedrifter med i ei ny ordning for lærlingar som skal betre rekrutteringa til reiselivsnæringa.

05.07.2021

Eit nytt reiselivsprosjekt skal sikre rekruttering av fagfolk til reiselivsfylket Møre og Romsdal. Ordninga kom i gang etter løyve om ekstra midlar frå fylkestinget.

- Fylkeskommunen har både hatt problem med å få tak i nok lærebedrifter, med gi lærlingane brei nok praksis og med å skaffe nok lærlingar. Vi har mange reiselivsbedrifter i fylket, men dei er små, og dei fleste har ein kort og intens sesong og verken tid eller råd til å tilsette lærling i to år.

- Lærlingane har typisk nok blitt ståande i resepsjonen, seier Bjørnar Loe, seksjonsleiar for opplæring i bedrift, i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fleksibel ordning
I pressemeldinga vert det vist til at 2020 vart eit kriseår for reiselivsnæringa. Dette gjorde situasjonen for lærlingane i bransjen vanskelegare enn normalt.

For å hjelpe reiselivsbedriftene gjennom koronakneika, og sikre god rekruttering av fagfolk, måtte fylkeskommunen ta grep og snu opp ned på den vante måten å tenke lærebedrift på Fylkestinget vedtok derfor å gi ekstra midlar for å støtte opp om lærlingar i utsette næringar etter Covid-19-pandemien.

- I staden for ei bedrift per lærling, rigga vi ei fleksible ordning med fleire lærebedrifter som delte på ein lærling. Dermed vart det lågare kostnader per bedrift, og breiare praksis for lærlingen. I tillegg tar opplæringskontoret for sal og reiseliv, store delar av kostnaden, fortel Loe.

Lærlingane har typisk nok blitt ståande i resepsjonen
Bjørnar Loe

Åtte lærlingar i turnus
Saman med Opplæringskontoret for salg og reiseliv, har reiselivsnæringa gått inn ein samarbeidsavtale om å tilby reiselivsbedrifter lærlingar som skal vere i lære hos fleire, eller i turnus mellom lærebedrifter, i løpet av læretida på to år. «Prosjekt reiseliv» har fått godkjent 20 lærebedrifter innafor reiselivsfaget, og dei har no tatt opp åtte lærlingar som skal gå i turnus mellom reiselivsbedriftene.

Etter desse to åra kan dei gå opp til fagprøven og få fagbrev i reiselivsfaget.

- Dersom det er fleire bedrifter som ønsker å delta i ordninga, er det ikkje for seint. Vi ønsker fleire bedrifter velkommen inn i prosjektet, for å bidra til å bygge fagopplæring innan reiselivsfaget, seier Loe.

20 bedrifter
Desse bedriftene er med per i dag: Storfjord hotell, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Runde konferansesenter, Strandafjellet As, Stranda hotell, Uteguiden, Fjordhagen, Håholmen havstuer, Scandic Kristiansund, DID adventure, Scandic Seilet , Trollstigen drift AS, Grand hotel Classic, Romsdalsmuseet, Molde næringsforum, Romsdalen AS, Molde Fjordstuer, Molde Jazz, Tusten AS og Visit Nordvest.

Fleire reiselivsbedrifter er på gang til å bli med i prosjektet.

Publisert: 05.07.2021 13:39

Sist oppdatert: 05.07.2021 14:29

Mer om