Skal teikne nye A Alesund sitt kommunevaapen
Illustrasjonsbilde
Nytt

Skal teikne nye Ålesund sitt kommunevåpen

Tre byrå er valt ut til å konkurrere. Forslaga vert presenterte i juni.

Marius Rosbach
07.05.2019
Elle melle, I&M og Trolltegn er dei tre utvalde byråa som skal designe forslag til nytt kommunevåpen for nye Ålesund kommune.
Det er resultatet etter at komiteen for nytt kommunevåpen og ordførarkjede har gjennomført ein konkurranse om oppdraget og valt tilbydarar.
– Desse har god erfaring og ei god forståing av oppgåva dei no har føre seg.
- Dei har alle sterk profesjonalitet og har planar om spanande arbeidsmetodar for å kome med forslag til grafisk utforming av eit nytt kommunevåpen, seier leiar Vebjørn Krogsæter i komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede i ei pressemelding.
Det er også opna for redesign av dei gamle kommunevåpena. Om det kjem forslag om å nytte eit av dei eksisterande, må kommunestyret ta stilling til det.
Dei tre konkurrentane skal presentere sine forslag i juni før saka skal opp til fellesnemnda sitt møte 13. juni. Den endelege avgjerda om korleis kommunevåpenet skal sjå ut, vert teke etter at eit nytt bystyre er konstituert i haust.

Publisert: 07.05.2019 13:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34