Nytt
Skal utløyse potensialet i 80-åring
LK Hjelle Møbelfabrikk har hanka inn designprisar på rekke og rad, men har mangla vekst og lønsemd. Jens Peter Brunstad skal få ny fart på 80-åringen.
08.03.2020
- Vi skal ha ein betydeleg vekst i åra som kjem, seier Jens Peter Brunstad.
For få veker sidan starta han i sin nye jobb som dagleg leiar i L.K. Hjelle Møbelfabrikk. Målet er klart: Både salet og lønsemda skal opp. Forventingane er å nå balanse i år.
Justert for prisstigninga har inntektene til selskapet svinga rundt det same nivået i 20 år, og både 2018 og 2019 enda i minus.
-Tøffe år, seier Brunstad om resultatet dei siste to åra.
Men skal dei omlag 30 arbeidsplassane blir sikrare, og helst fleire, må fleire kjøpe møblar frå fabrikken.
Stikkorda for å få til det er å vere tettare på marknaden og få betre kommersiell uttelling.
Alt i fjor tilsette selskapet ein ein person for å følgje opp butikkane som sel L.K. Hjelle-møblar. Det har gitt uttelling i form av ein klar auke i salet så langt i år samanlikna med same periode i 2019, seier Brunstad.
Meir satsing mot butikkane er ein vinn-vinn situasjon.
- På privatmarknade sel vi våre møbler gjennom frittståande møbelbutikker som appellerer til den kvalitet og designmedvitne møbelkjøpar. Vi står side om side med anerkjente designikon frå inn og utland. Det er dei vi samanliknar oss med, og konkurrerer med. Sånn som vi opplever det i dag er det heilt klart at salstøtte blir sett pris på, seier Brunstad.
I dag er inntektene til selskapet omlag likeleg fordelt mellom eksportmarknaden(i hovudsak Danmark og USA), butikkane i Noreg og kontraktsmarknaden (møblar til bedrifter og institusjonar).
- Vi har i dag modellar i kolleksjonen som fungerer godt både mot kontrakt- og privatmarknaden. Vi må bli flinkare til å presentere møblane våre i ein setting dei ulike kundegruppene kan identifisere seg med, seier Brunstad
I staden for å utvikle møblar spesielt for privatkundar og kontraktsmarknaden skal selskapet bli flinkare til å presentere alle møblane sine som eit alternativ i alle marknadar. Det er blant anna det som ligg i å få betre kommersiell uttelling.
Det er snakk om ein evolusjon med mange små steg, ikkje ein revolusjon, i følgje Brunstad. Fabrikken er stor nok og maskinparken er god nok. Det handlar om legge litt om for å få ein betre flyt gjennom fabrikken, og samstundes ta vare på all den viktige fagkompetansen hos arbeidsstokken.
Saman med satsinga på skandinavisk design er kvaliteten ein del av arvestoffet i selskapet, og slik skal det vere framover også.
- Vi skal skape tidlaus skandinavisk design som skal vare i generasjonar, både i form, kvalitet og komfort seier Brunstad.
-Eg for som ein jo-jo, seier han om livet før kapitalutvidinga og leiarskiftet.
Dei nye aksjonærane - mellom dei tidlegare Ekorneseigarar - skaut inn 12,3 millionar kroner og blei eigar av til saman 54 prosent av aksjane i L.K. Hjelle Møbelfabrikk i Sykkylven.
Brunstad meiner denne delen av marknaden er i vekst, mellom anna takka vere at fleire kundar er opptatt av at produkta dei kjøper skal vere kortreist og halde lenge.
- Den trenden jobbar med oss, seier Brunstad.
Storleiken på møbelklynga på Sunnmøre er nær ein kritisk masse, meiner Brunstad.
- Eg trur ikkje det, svarar han på spørsmål om L.K. Hjelle kunne klare seg utan andre bedrifter i møbelbransjen i nærleiken.
For få veker sidan starta han i sin nye jobb som dagleg leiar i L.K. Hjelle Møbelfabrikk. Målet er klart: Både salet og lønsemda skal opp. Forventingane er å nå balanse i år.
Justert for prisstigninga har inntektene til selskapet svinga rundt det same nivået i 20 år, og både 2018 og 2019 enda i minus.
-Tøffe år, seier Brunstad om resultatet dei siste to åra.
Hankar inn prisar
Det manglar ikkje på anerkjenning for design og kvalitet for møbelprodusenten i Sykkylven. Seks av møbelkolleksjonane som selskapet har i sal i dag har fått utmerkingar for godt design og selskapet er ein attraktiv oppdragsgivar for anerkjente møbeldesignarar.Men skal dei omlag 30 arbeidsplassane blir sikrare, og helst fleire, må fleire kjøpe møblar frå fabrikken.
Stikkorda for å få til det er å vere tettare på marknaden og få betre kommersiell uttelling.
Alt i fjor tilsette selskapet ein ein person for å følgje opp butikkane som sel L.K. Hjelle-møblar. Det har gitt uttelling i form av ein klar auke i salet så langt i år samanlikna med same periode i 2019, seier Brunstad.
Meir satsing mot butikkane er ein vinn-vinn situasjon.
- På privatmarknade sel vi våre møbler gjennom frittståande møbelbutikker som appellerer til den kvalitet og designmedvitne møbelkjøpar. Vi står side om side med anerkjente designikon frå inn og utland. Det er dei vi samanliknar oss med, og konkurrerer med. Sånn som vi opplever det i dag er det heilt klart at salstøtte blir sett pris på, seier Brunstad.
I dag er inntektene til selskapet omlag likeleg fordelt mellom eksportmarknaden(i hovudsak Danmark og USA), butikkane i Noreg og kontraktsmarknaden (møblar til bedrifter og institusjonar).
- Vi har i dag modellar i kolleksjonen som fungerer godt både mot kontrakt- og privatmarknaden. Vi må bli flinkare til å presentere møblane våre i ein setting dei ulike kundegruppene kan identifisere seg med, seier Brunstad
I staden for å utvikle møblar spesielt for privatkundar og kontraktsmarknaden skal selskapet bli flinkare til å presentere alle møblane sine som eit alternativ i alle marknadar. Det er blant anna det som ligg i å få betre kommersiell uttelling.
Flyt i fabrikken
Førebels er Brunstad så fersk i stillinga at han ikkje vil gå i detaljar om korleis selskapet skal oppnå eit anna viktig mål for å få opp lønsemda, å effektivisere produksjonen. Utan ei slik effektivisering vil selskapet auke dei variable kostnadane i takt med auka sal, slik at det ikkje får den veksten i lønsemda selskapet er ute etter.Det er snakk om ein evolusjon med mange små steg, ikkje ein revolusjon, i følgje Brunstad. Fabrikken er stor nok og maskinparken er god nok. Det handlar om legge litt om for å få ein betre flyt gjennom fabrikken, og samstundes ta vare på all den viktige fagkompetansen hos arbeidsstokken.
Saman med satsinga på skandinavisk design er kvaliteten ein del av arvestoffet i selskapet, og slik skal det vere framover også.
- Vi skal skape tidlaus skandinavisk design som skal vare i generasjonar, både i form, kvalitet og komfort seier Brunstad.
Nye eigarar
Dag Hjelle, tidlegare dagleg leiar og tredje generasjons aksjonær, er superfornøgd med erstattaren. Hjelle er no ansvarleg for produktutviklinga i selskapet, og framleis storaksjonær etter at nye medeigar kom inn i selskapet i 2018/2019 - ei endring han lenge hadde ønska seg.-Eg for som ein jo-jo, seier han om livet før kapitalutvidinga og leiarskiftet.
Dei nye aksjonærane - mellom dei tidlegare Ekorneseigarar - skaut inn 12,3 millionar kroner og blei eigar av til saman 54 prosent av aksjane i L.K. Hjelle Møbelfabrikk i Sykkylven.
Kortreist kvalitet
L.K. Hjelle er ein aktør i den best betalande delen av møbelmarknaden. Det er ikkje prisen selskapet konkurrerer på, og det skal det heller ikkje vere.Brunstad meiner denne delen av marknaden er i vekst, mellom anna takka vere at fleire kundar er opptatt av at produkta dei kjøper skal vere kortreist og halde lenge.
- Den trenden jobbar med oss, seier Brunstad.
Kritisk masse
L.K. Hjelle Møbelfabrikk har underleverandørar tett på seg i Sykkylven, mellom andre Møbeltre og L.P. Riksheims Møbelindustri.Storleiken på møbelklynga på Sunnmøre er nær ein kritisk masse, meiner Brunstad.
- Eg trur ikkje det, svarar han på spørsmål om L.K. Hjelle kunne klare seg utan andre bedrifter i møbelbransjen i nærleiken.
Publisert: 08.03.2020 06:00
Sist oppdatert: 09.04.2021 19:42