Karl Ekornes har tidlegare vore kjededirektør i møbelkjeda Skeidar. I fjor kom han inn som driftsdirektør i Brunstad, og frå årsskiftet tok han over som toppsjef etter Ronny Bjøringsøy.
I 2024 vart han også medeigar, med ein aksjepost på 17 prosent. Det har Brunstad tidlegare fortalt i ei pressemelding.
Frå fleire hald i møbelbransjen har Nett No fått vite at også Birkelunden Investeringsselskap vart medeigar saman med Ekornes i fjor. Det er eigarselskapet i Skeidar-konsernet.
Varslar pressemelding
Nett No har ikkje lukkast i å få kontakt med Karl Ekornes. Styreleiar Olaug Strand Brunstad kommenterer ikkje eigarsituasjonen ut over å stadfeste at selskapet har fått med ein investor.
Ho skriv i ein e-post at selskapet kjem med ei pressemelding tysdag.
Skal eit medeigarskap for Birkelunden Investeringsselskap ha noko meir for seg enn ei rein venneteneste til ein leverandør, er det sannsynleg at Birkelunden må ha minst 17 prosent eigarandel.
Slik kan Skeidar og Ekornes til saman har minst 34 prosent eigarandel. Det vil gi dei såkalla negativ kontroll i Brunstad og sikre innflytelse på styringa av selskapet.
Les også
Familieeigd i meir enn 80 år
Fram til Ekornes kom inn som medeigar, har møbelprodusenten i Sykkylven vore eigd av familien Brunstad gjennom selskapet Hadi Invest. Møbelfabrikken blei starta på 1940-talet av Hjalmar Brunstad.
Brunstad hadde 99,5 millionar kroner i driftsinntekter og minus 10,2 millionar kroner i resultat før skatt i 2023.
Hadi Invest omfattar og fabrikk i Baltikum. Konsernrekneskapen til Hadi Invest for 2023 viser ei driftsinntekt på 112 millionar kroner og minus 15 millionar kroner før skatt.
Publisert: 21.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 21.01.2025 07:19