A
DÅP: Kaptein på Norwind Hurricane Lennart Nordstrand, CEO i VARD Alberto Maestrini, CEO i Norwind Offshore Svein Leon Aure, gudmor Merete Schneider Dengsoe, verftsdirektør på Vard Brattvaag Arnt Inge Gjerde. Foran: Victoria Lausund. Foto: Tonje Molnes .
Nytt

Skipsdåp i heit marknad

Skipsdesignar ventar fleire nye byggkontraktar, både for olje- og vindkraftmarknaden.

22.03.2024

Denne veka har Rem Offshore offentleggjort byggekontakt med Myklebust Verft, ein førebels ukjent reiar har bestilt to nye offshorefartøy frå Kina og Vard og Ålesundselskapet Norwind Offshore og Vard feira skipsdåp for eit nybygg til vindkraftmarknaden.

- Det er ein stor dag for oss i Norwind Offshore å få levert båt nummer tre fra Vard Brattvaag. Vi ser fram til å få sett den i operasjon over helga og kunne fortsette vårt bidrag til utbygging av meir fornybar energi, seier Norwind Offshore-sjef Svein Leon Aure i ei pressemelding.

Salssjef Tor Henning Vestbøstad hos skipsdesignselskapet Salt Ship Design på Stord trur det kan bli fleire skipsdåpar framover, for fartøy til vindkraftbransjen, men også for oljebransjen.

- Det er veldig høg temperatur i den marknaden no, seier Vestbøstad.

Det er Salt Ship Design som har teikna dei to 100 meter lange fartøya som skal byggast i Kina. Fartøya blir utrusta med kran som kan løfte 150 tonn. Dei er bygd utan at det per i dag inngått kontrakt for fartøya, ifølgje Vestbøstad, akkurat som for Rem Offshore sitt nye fartøy.

Equinor-interesse
Etter oljeprisefallet i 2014 tørka marknaden for bygging av offshorefartøy for oljebransjen inn.

No er den tilbake, og både Rem Offshore og den ukjente reiarane har opsjonar på høvesvis eitt og to nybygg til.

Oljeselskapa har også byrja å spørre etter nye fartøy. Ifølgje Vestbøstad sonderer Equinor marknaden for nye plattformforsyningsskip.

Satsar på vind
Tidlegare i mars signerte Vard ein kontrakt med Navigare Capital Partners i samarbeid med Norwind Offshore i Ålesund om å bygge eit nytt skip for vindkraftmarknaden, som skal leverast i første kvartal 2026. Avtalen omfattar ein opsjon på å få bygd ytterlegare to skip.

Nybygget blir skip nummer fem Ålesund-rederiet bestiller frå Vard.

– Vi er glade for å kunne fortsette flåteveksten gjennom å plassere nok ei ordre hos Vard, sa administrerende direktør Svein Leon Aure i Norwind Offshore då kontrakten blei offentleggjort.

Publisert: 22.03.2024 12:34

Sist oppdatert: 22.03.2024 12:42

Mer om