Skipsfarts revolusjon fraa verdensrommet
VELKOMEN: Ronald Spithout i det børsnoterte satelittselskapet Inmarset vil gi programvaremakarar tilgang til ein global shippingmarknad.
Nytt

Skipsfarts-revolusjon frå verdensrommet

Satelittselskapet Inmarsat aukar kapasiteten og opnar nettet for programvare-utviklarar. Skal utløyse skapekraft, og bety eit langt steg mot fjernstyrte skip.

12.06.2015
Akkurat som Apple og Android sin operativsystem er opne for alle programvareutviklare som vil tilby programvare, vil Inmarsat gi utviklarar sjansen til å gjere det same i den maritime industrien.
Selskapet sin neste generasjon satelittar vil gi vesentleg større trafikk-kapasitet over nettet enn i dag. Planen er at programvarutviklarar kjøper transportkapasitet på nettet og datamaskinkapasitet frå Inmarsat, og tilbyr programvaren (applikasjonen), inkludert nettkapasitet som trengst for å bruke programmet.

Vekstbransje

- Det er ein vekstbransje, seier konserndirektør Ronald Spithout i Inmarsat om utvikllinga i satelitt-trafikk.
Satelittar gir internettsamband der basestasjonane ikkje når, og det betyr først og fremst til sjøs. Spithout trur skipsfarten berre er i byrjinga av bruken at satelittkommunikasjon.
Han er i Ålesund som foredragshalder på næringskonferansen "Næringsdriv", og i samband med at Inmarsat har skrive intensjonsavtale med NMK om å etablere hovedkontor for Nord-Europa i Ålesund.

Fjernstyrte skip

Ny progaramvare og større kapasitet over nettet vil medverke til at det blir lettare å samle data, overvake og styre operasjonar på skip frå land. Det er et steg på vegen mot fjernstyrte skip.

Prototypen for dei revolusjonerande droneskipa er utvikla av Rolls-Royce sitt Blue Ocean Team i Ålesund.
Dette Ålesund-baserte laget har sett opp ein prototype som simulerer 360 graders utsikt frå ei skipsbru.

Inviterer verda inn

Modellen for å få utvikla programvare innber at alle som vil får ein plattform for å tilby programvare til ein verdsmarknad.
Det betyr at etablerte programvareselskap får ein heilt ny konkurranse, takka vere det som blir mogleg gjennom større trafikk-kapasitet på nettet.

Publisert: 12.06.2015 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44