Trygve slagsvold vedum jonas gahr støre valnatta 2021 foto stortinget 11
BUDSJETTFORLIK: Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og resten av regjeringa kom i mål med eit forlik med SV om neste års statsbudsjett tysdag. Foto: Stortinget
Nytt

Skipstunnel og Runde miljøsenter er med i budsjettet

Atlanterhavsparken i Ålesund var ikkje like heldige. Les reaksjonane.

Marius Rosbach
29.11.2022

(NPK-NTB-NETT.NO): Forliket om neste års statsbudsjett mellom regjeringspartia og SV tysdag inneheld fleire gode nyheiter sett frå Nordvestlandet.

Dei 76 millionar kronene som er inne til Stad skipstunnel er truleg mellom detaljane som vil skape merk glede i regionen. Som kjent ønska SV å fjerne løyvingane for neste år til samferdselsprosjektet.

Ei endring som SV har fått på plass, er at Runde Miljøsenter likevel får pengar på budsjettet. Tre millionar kroner er likevel 2,5 mindre, enn forskingssenteret fekk over budsjettet i år.

Tilskottet til Atlanterhavsparken i Ålesund var også foreslått kutta i forslaget regjeringa la fram tidlegare i år – og ein ny pott er ikkje med i endringsavtalen som blei lagt fram tysdag.

Dei ekstra skatteskjerpingane for bedriftseigarar og næringslivet, som SV hadde i sitt alternative budsjett, er heller ikkje med i avtalen.

Konsesjonsrunde blir utsett
Ikkje uventa kjem det motstridande reaksjonar på SVs store klimagjennomslag: 26. konsesjonsrunde blir utsett ut denne stortingsperioden.

I tillegg blir årets vidareført avgrensing på leiting i iskantsona, og det er semje om at regjeringa skal vurdere å innføre petroleumsfrie område.

– Vi får til meir kraftfull klimapolitikk og set bremsene på for leiting etter nye oljefelt i denne stortingsperioden, og vi får verna sårbare område, seier SV-leiar Audun Lysbakken om semja mellom SV og regjeringspartia.

Miljørørsla: – Ikkje nok
Miljørørsla gir SV honnør for jobben – men meiner budsjettet ikkje går langt nok.

– SV skal ha honnør for å ha kjempa med nebb og klør for å forbetre eit oljesvart budsjett. Men det er skuffande at regjeringa ikkje har gått lenger for å møte åtvaringane frå klimaforskarar og krava frå SV. Europa skrik etter energiomstilling, men regjeringa tviheld på å bruke dei store pengane og dyktige arbeidarar på meir oljeleiting, seier Greenpeace-leiar Frode Pleym.

Han får støtte frå Natur og Ungdom, som også er skuffa over heilskapen.

– Utsetjinga av 26. konsesjonsrunde ut perioden og SVs andre gjennomslag er steg i rett retning. Vi er likevel skuffa over at dei ikkje kom lenger. Mesteparten av olja og gassen er framleis tilgjengeleg gjennom TFO-ordninga, og seinast i dag understreka IEA endå ein gong at det ikkje er rom for meir oljeleiting om vi skal halde 1,5-gradersmålet i live, seier Natur og Ungdom-nestleiar Simon Balsnes.

– Ingen grøn retning
Verdsnaturfondet (WWF) trekkjer fram mange gode grep i budsjettet, som styrkinga av Enova på 900 millionar kroner, og dessutan klimasatsordninga for kommunane på 100 millionar kroner. Dei meiner SV hjelpte regjeringspartia å halde sine eigne løfte.

– Ap og Sp leverte eit utruleg svakt budsjett på både natur, klima og bistand, og gløymde tilsynelatande at natur og klima skulle vere ramma for all politikk, seier WWF-generalsekretær Karoline Andaur.

MDG er heller ikkje særleg tilfreds med budsjettsemja.

– Sjølv om det er bra at 26. konsesjonsrunde blir utsett ut stortingsperioden, så er statsministeren tydeleg på at det framleis er full fart for meir oljeleiting. Det er ikkje ei ny grøn retning, seier den finanspolitiske talsperson for partiet Lan Marie Berg.

LO: Uheldig signal til Europa
LO-leiaren seier det var forståing for ei utsetjing av 26. konsesjonsrunde ved førre korsveg, men at denne utsetjinga sender eit uheldig signal.

– LO har eit kongressvedtak som seier at vi skal utvikle, ikkje avvikle petroleumsnæringa. Noreg skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av energi til Europa, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Frp reagerer kraftig
Også Frp er bekymra over eksporten av viktig energi til Europa.

– I kveld er det fest i Moskva. Putins regime er dei einaste som tener på at regjeringa og SV no strammar inn i leitinga etter olje og gass. Regjeringa kan umogleg ha lært noko som helst av den alvorlege tryggingssituasjonen vi står opp i som følgje av energipolitikken som er ført i Europa, seier energipolitisk talsperson Terje Halleland.

Offshore Norge er bekymra for manglande leiteareal.

– Næringa treng føreseielegheit gjennom rammevilkår og tildeling av areal som kan sikre sysselsetjing i Noreg og levere påliteleg energi til Europa, seier administrerande direktør Hildegunn T. Blindheim.

Ho ber Stortinget sørgje for at rammevilkåra ikkje svekkjer konkurransekrafta, men bidreg til aktivitet, lønnsam produksjon og verdiskaping.

– Produksjonen på norsk sokkel vil reduserast mykje framover, derfor er det behov for å leite etter olje og gass for å hindre ein for bratt nedgang. Då er det viktig at det blir gjort tilgjengeleg attraktivt areal, påpeikar ho.

(©NPK)

Podium

E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?

Podium

E17/S2 Djup uro for skattetungt budsjett

Publisert: 29.11.2022 22:12

Sist oppdatert: 06.01.2023 09:23

Mer om