- Vil setje arbeidet mange år attende
Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken råka av kutt.
Uroa er stor hos dagleg leiar Ottar Håkonsholm ved Runde Miljøsenter etter framlegget til neste års statsbudsjett viser store kutt til senteret i Herøy.
Runde Miljøsenter har sidan 2015 fått tilskott over statsbudsjettet, og i 2022 var potten på 5,5 millionar.
Håpar på SV og opposisjonen
Potten er føreslått fjerna til neste år som eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å redusere talet på tilskotsmottakarar.
Også ein pott på ein million kroner til Atlanterhavsparken i Ålesund er føreslått kutta i forslaget til budsjett.
No håpar Håkonsholm at SV og opposisjonen vil sørge for at kuttforslaget blir gjort om i det endelege budsjettet.
Senterleiaren på Runde seier det vil få svært negative følgjer for arbeidet ved senteret om dette blir vedteke.
– Statstilskotet utgjer ein vesentleg del av fundamentet for aktiviteten, og bortfall av dette vil setje arbeidet mange år attende, uttaler han i ei pressemelding.
Håkonsholm meiner at det er eit stort behov for forsking og formidling av kystøkologi, slik dei gjer, og viser til dramatisk nedgang i sjøfuglbestanden, og nedgang for kysttorsk og andre fiskebestandar langs kysten.
Publisert: 16.10.2022 23:47
Sist oppdatert: 17.10.2022 00:03