Hornindal skisenter hadde nok ein god sesong med inntekter på rekordnivå i fjor vinter.
Det viser rekneskapen for juli 2023 til juni 2024 som no er offentleg (selskapet har avvikande rekneskapsår).
Nær tangering av omsetningsrekord
Sesongen før bikka inntektene for første gong over fire millionar. Det same greidde skisenteret no. Omsetninga enda på 4,5 millionar, berre nokre titusen kroner under rekordvinteren i fjor.
Samtidig auka kostnadene meir enn tidlegare, som gjorde at lønnsemda blei dårlegare. Senteret sikra seg likevel eit overskot før skatt på nær 100.000 kroner (sjå tabell under).
Det gjorde at eigenkapitalen veks til drygt 4,9 millionar kroner ved utløpet av rekneskapsåret. Langsiktig gjeld var på 2,8 millionar.
Hornindal Skisenter As* | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 4,5 | 4,6 |
Driftsresultat | 0,3 | 1 |
Resultat før skatt | 0,1 | 0,8 |
* Selskapet har avvikande rekneskapsår som følgjer skisesongen. Tala viser korleis det gjekk i 2024/2023 og 2023/2022-sesongane.
Rekordbesøk i vinterferie og påska
Hornindal Idrettslag og Volda kommune er hovudaksjonærar i senteret som i februar 2023 markerte at det var ti år sidan dei starta drifta med T-heis i Grendadalen.
– Det er grunn til å vere stolte av det ein har fått til, skriv styret i årsmeldinga.
Styret skriv at fleire tydeleg oppdagar senteret, og at det er viktig å halde fram det gode arbeidet med drift og utvikling.
Dei hadde 67 driftsdagar i fjorårssesongen og opna allereie 25. november. Resten av vinteren var det gode snøforhold med rekordbesøk både i vinterferien og påska.
Fleire nye tilbod
Skisenteret har gjennom fleire år følgt ein plan for å utvikle anlegget.
Mellom anna er det bygd juniortrekk parallelt med hovudtrekket, laga barnepark med lysanlegg og crossløype på vestsida av traseen.
Ein skipark på austsida av senteret er i stor grad ferdigbygd, og ei crossløype for langrenn er laga slik at den også kan nyttast av syklar sommarstid.
Det er også sett av plass for eit mogleg nytt trekk for å auke kapasiteten.
Publisert: 04.02.2025 10:33
Sist oppdatert: 04.02.2025 10:33