Gustav Witsøe IKKE GJENBRUK foto npk
PÅ TOPP: Den 29 år gamle laksearvingen Gustav Magnar Witzøe tronar øvst på formuetoppen for 2021, viser likningstala frå Skatteetaten. Kjell Inge Røkke frå Molde, som nyleg melde flytting til Sveits, var på topp i fjor Foto: Gitte Paulsbo / NTB / NPK
Nytt

Skubba Røkke ned frå formuetoppen

Laksearving Gustav Magnar Witzøe er Norges rikaste, ifølgje likningstala.

07.12.2022

(NPK-NTB): Laksearving Gustav Magnar Witzøe tronar øvst på formuestoppen for 2021.29-åringen hadde ein formue på 19,8 milliardar kroner, viser likningstala frå Skatteetaten.

Skattelistene for 2021 vart gjort tilgjengelege onsdag morgon. Tala viser at Witzøe, som er arving av oppdrettsselskapet Salmar, tronar øvst både på tala som gjeld formue og inntekt. I fjor tente 29-åringen 1,2 milliardar kroner, skriv E24.

På lista over nordmenn med høgast formue finn vi Kjell Inge Røkke (17,8 milliardar i formue) på andreplass, medan oljefonds-sjef Nicolai Tangen (7,6 milliardar), Reitangruppens Odd Reitan (6,2 milliardar) og Norgesgruppens Johan Johannson (5,8 milliardar) følgjer på dei neste plassane.

Mohn ned frå inntektstoppen
Witzøe, som tente 1,2 milliardar i fjor, tente meir enn Bjørn Rune Gjelsten og Odd Reitan på andre og tredje plass til saman, skriv Finansavisen.

Dei tente høvesvis 584 og 524 millionar kroner.

Skipsreiar-arving Else Helene Sundt kom på fjerdeplass med inntekt på 503,8 millionar, medan Rema-arvingane Ole Robert og Magnus ligg på plassane bak – med 503,2 og 501,1 millionar.

På inntektstoppen er den store overraskinga Trond Mohn. Frå å toppe inntektslistene i fjor tente han i år 238 millionar, ned frå 303 millionar. I år har falle til 24. plass på topplista.

Sju nye milliardærer
I likningstala dukkar det også opp sju personar som aldri før har stått oppført med milliardformuar på skattelistene, skriv Dagens Næringsliv.

Ein av desse er Aleksander Leonard Larsen (36) som har vorte nyrik på kryptospel. I 2020 hadde han ein formue på éin million og ei inntekt på 1,2 millionar kroner. I 2021 hadde dette auka til ein formue på 1,1 milliardar kroner og ei inntekt på ein dryg kvart milliard.

På denne lista finn vi også aksjonær og styreleiar i programvareselskapet Visma, Øystein Moan. Her er også laksegründer Helge Gåsø og Tore Ofdjell (gründer og eigar i Odfjell Eiendom), i tillegg til Kristian Holth og Fredrik Holth. Dei to sistnemnde eig selskapet Constructio saman med Roy Gunnar Holth)

Stor auka i skatteinngangen
Talet til skatteetaten viser at cirka 4,2 millionar lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande har betalt 637 milliardar i skatt og avgift på inntekt og formue. 393.000 selskap har betalt til saman 121 milliardar i skatt, medan talet året før var 58 milliardar.

I tillegg til petroleumsselskap som har betalt 299,2 milliardar i petroleumsskatt.

– Tala viser at skatteinngangen for 2021 var betrakteleg høgare enn i koronaåret 2020, som var eit unntaksår. Samanlikna med 2019 er auken meir moderat. Unntaket er den store auken i petroleumsskatt, som i hovudsak kjem av høgare oljeprisar og dei svært høge gassprisane i andre halvdel av 2021, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

(©NPK)

Publisert: 07.12.2022 09:12

Sist oppdatert: 07.12.2022 09:33

Mer om