Hovden widerøe 22 foto marius innfelt odd magne vinjevoll 11
VIL HA BETRE TILBOD: Næringssjef Odd Mange Vinjevoll i Ørsta vil ha eit betre tilbod enn i dag - slik det er lagt opp til i tilboda frå departementet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Skuffa over tilbod for Hovden-ruter

Næringssjefen i Ørsta reagerer.

Marius Rosbach
19.04.2021


Næringssjef Odd Mange Vinjevoll i Ørsta er skuffa over tilbodet frå Samferdsledepartementet om sokalla FOT-ruter for Ørsta-Volda lufthamn, skriv Møre-Nytt.

Det er bestemt at rute mellom Hovden-flyplassen og Oslo skal tilbake i ordninga med statlege støttekjøp frå oktober i år til utgangen av mars 2021. Tilbodspapira blei sendt ut i slutten av førre veke, og viser at det vert lagt opp til tre daglege avgangar mellom Hovden-flyplassen og Oslo.

Det blir også sett eit tak på kva pris som kan takast for billettar, noko som er det einaste næringssjef Vinjevoll er nøgd med i det nye regimet.

– Det er altfor lite sete. Det er for seint avgang frå Oslo til Hovden. Det er ikkje sagt noko om at det skal vere direkteruter, seier han til avisa.

(les krava til Hovden-rutene under)

Samferdsleminister Knut Arild Hareide meiner på si side at regjeringa med eit slikt tilbod vil sikre «eit godt flyrutetilbod» som gir tilgang til både hovudstaden og regionsentra, sjukehus, offentlege styresmakter og andre viktige institusjonar, uttaler han i ei pressemelding.

Konkurransen skal vere ei midlertidig utviding og gjeld også for flyrutene Stokmarknes – Bodø, Stokmarknes – Tromsø og Florø – Oslo. Fristen for å kome med tilbod er 15. juni.

Dette er krava til Oslo-Hovden-ruta

Kapasitet

  • Frå 1. oktober 2021 – 31. mars 2022
  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 25 500 seter i kvar retning.
  • Per driftsår frå 1. april 2022
  • Tilbydt setekapasitet skal vere minst 63 500 seter per år i kvar retning.

Ruteføring

Måndag-fredag:

  • Det skal vere minst tre daglege avgangar i begge retningar.

Laurdag-søndag:

  • Det skal vere minst tre avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.

Rutetider

Måndag-fredag:

Frå Ørsta-Volda:

  • Første landing i Oslo skal vere seinast kl. 08:00
  • Siste avgang til Oslo skal vere tidlegast kl. 16:00

Til Ørsta-Volda:

  • Første avgang frå Oslo skal vere seinast kl. 10:00
  • Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00

Publisert: 19.04.2021 08:41

Sist oppdatert: 19.04.2021 09:13

Mer om