Lakseprisen i spotmarknaden er omlag halvert sidan årsskiftet og det slår negativt ut også for Salmon Evolution, som driv landbasert oppdrett i Indre Harøy på Romsdalskysten.
Selskapet ventar betre prisar neste år, og utset planlagt slakting i år til neste år for å få glede av den venta prisveksten. Reduserer inntektene og forsterkar dermed effekten av innteksfallet på laksen som blir slakta og seld.
Både i 2. kvartal og i første halvår er inntektene nesten halvert (sjå tabell). I staden for plussresultat som i 2024 enda det med tosifra millionminus i 2. kvartal og tresifra millionminus i første halvår.
Botnrekord for aksjen
Aksjekursen til Salmon Evolution fall frå 5,15 til 4,85 kroner aksjen då børsen opna klokka 0900 i dag, men tok seg raskt opp igjen og henta inn mykje av det tapte. Klokka 09:47 var kursen 5,03 kroner. Det er under den lågaste sluttkursen for selskapet hittil i år, som er 5,14 kroner aksjen 11. august i år.
Det er også under den førre botnrekorden på 5,08 kroner aksjen frå oktober 2020.
Selskapet vart børsnotert i september 2020. På opningsdagen var kursen 7,40 kroner aksjen.
Aksjekursen var på sitt høgaste i slutten av januar 2022, då den nådde 11,10 kroner aksjen.
Nordvestlandske eigarar
Salmon Evolution spring ut av idear og inititativ frå investorar på Nordvestlandet, og ei rekkje aktørar på Nordvestlandet er blant dei største eigarane.
Halsebakkfamilien investeringsselskap Ronja Capital er størst med sju prosent eigarandel. Rofisk, som eig brønnbåtreiarlaget Rostein, eig 3,3 prosent. Frode Håkon Kjølås selskap Kjølås Stansekniver eig 2,8 prosent. Peder Stette og familens selskap Stette Invest eig 2,7 prosent.
| Salmon Evolution ASA | ||
| Per 2. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 140,8 | 270,7 |
| Driftsresultat | -100,5 | 20,8 |
| Resiltat før skatt | -126,4 | 5,1 |
| Salmon Evolution ASA | ||
| 2. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 91,1 | 170,5 |
| Driftsresultat | -55,9 | 14,1 |
| Resultat før skatt | -71,7 | 6,3 |
Publisert: 19.08.2025 10:08
Sist oppdatert: 19.08.2025 10:08






