Slaktebaatreiarlag vann over staten
MOTBØR I RETTEN: Tidlegare fiskeriminister Harald Tom Nesvik vurderte verksemda til slaktebåten Norwegian Gannet stikk motsett av forgjengaren og partifellen Per Sandberg. Nesvik fekk støtte i regjeringa, men regjeringa fekk ikkje støtte i retten.
Nytt

Slaktebåtreiarlag vann over staten

Det var grovt urimeleg av regjeringa å nekte slaktebåten Norwegian Gannet å drive verksemda si, konkluderer Bergen Tingrett.

15.06.2020
Like etter at Harald Tom Nesvik (Frp) blei fiskeriminister i august 2018 sette han foten ned for eit prosjekt som forgjengaren i statsrådstolen, Per Sandberg (Frp) hadde støtta. Det handla om planane til reiarlaget Hav Line om å hente fisk frå norske oppdrettsanlegg og slakte fisken ombord på veg til levering i Danmark med slaktebåten Norwegian Gannet.
Regjeringa i statsråd støtta Nesvik, men retten vurderer den konglege resolusjonen som grovt urimeleg.
"Vedtaket er ugyldig på grunnlag av grov urimelighet som følge av at Hav Line hadde berettigede forventinger om at Mattilsynet og politisk ledelse ville godkjenne Norwegian Gannet til dens planlagte bruk. Ved denne vurderingen har retten lagt vekt på at Hav Line ikke kunne ha foretatt seg noe mer eller annet enn det gjorde for å redusere risikoen ved de investeringene selskapet med datterselskaper har foretatt i Norwegian Gannet og i Danmark. Endringen i den politiske vurderingen av selskapets virksomhet fremsto som plutselig og uventet for Hav Line. Dette omfatter også saksbehandlingen knyttet til dette."

Strid om arbeidsplassar

Striden rundt Norwegian Gannet handlar om omdømmet til norsk fiskeeksport og frykt for at ein suksess for slaktebåten trugar arbeidsplassane på brønnbåtar og på lakseslakteri og -foredlingsanlegg på land.
Etter Nesvik si vurdering skal såkalla produksjonsfisk, fisk med ytre skadar til dømes i skinnet, sorterast ut i Noreg og ikkje fraktast ut av landet, grunngitt med omsyn til omdømet til norsk fiskeeksport. Norwegian Gannet-metoden bryt med den forståinga. Mattilsynet sentralt vurderte det slik at planane til Norwegian Gannet var innanfor regelverket, men Fiskeridepartementet gjorde i desember 2018 om på Mattilsynet sitt vedtak og fekk våren 2019 også endra forskriftene, men ei presisering om at såkalla produksjonsfisk skal sorterast ut på land.
Hav Line gjekk til sak og Bergen Tingrett sette vedtaket i departementet mellombels til side.

Driv på dispensajon

Hav Line klaga på vedtaket til departementet, men fekk ikkje medhald då klagen blei behandla i statsråd i juni 2019. Det er det vedtaket i statsråd som er grovt urimeleg, i følgje retten.
Hav Line meiner og endring av forskrifta om korleis produksjonsfisk skal behandlast ikkje er gyldig, men det er retten usamd i.
Hav Line driv i dag Norwegian Gannet på ein dispensasjon som varer ut juni i år.

Publisert: 15.06.2020 17:07

Sist oppdatert: 20.02.2024 08:04

Mer om