Kva er rimeleg betaling for å sende ut eitt brev, motta tre brev frå motpartens advokat og i tillegg ha litt epost-korrespondanse undervegs?
Dette spørsmålet var oppe til vurdering i Sunnmøre tingrett etter at eit advokatfirma frå Bergen bistod eit par frå Ålesund under ein tvist med eit lokalt byggfirma.
Tvisten galdt kontraktsbrot, men bistanden vart avslutta då det vart gjennomført tvangssal av eigedomen.
Uansett fakturerte Bergens-firmaet Ålesund-paret for eit samla salær på 100.572 kroner.
Bergens-advokatane hadde sett fram krav om at Ålesund-paret skulle betale restsummen på 50.572 kroner, betale erstatning på 7.365 kroner i samband med inndriving av kravet, samt forseinkingsrenter.
Retten viser også til at ein av Bergens-advokatane i ein epost til Ålesund-paret uttrykte at det påståtte kontraktsbrotet skulle vere ei enkel og grei sak å løyse.
I domsslutninga viser retten til at eit salærkrav på over 100.000 kroner er høgt i forhold til arbeidet som er medgått, men retten tar likevel ikkje konkret stilling til kva som i dette tilfellet er eit rimeleg salærkrav ettersom Ålesund-paret uansett ikkje har vore tilstrekkeleg informert om kostnadsutvikliinga i saka.
Her viser retten til advokatforskrifta sitt punkt om at advokaten pliktar å gjere klienten merksam på om omkostningane med eit oppdrag vert uforhaldsmessig høge i høve til klientens økonomiske stilling eller dei interesser saksforholdet gjeld.
I ein av epostane står det følgjande: "Til slutt, det hagler av regninger og varsler osv. Der er satt over beløp, og deres fakturering overgår mitt skjønn på hva dette skulle koste på nåværende tidspunkt. Jeg må be om et totalt oppsett, så jeg får sett over til vurdering'."
Saksøkar svara ikkje på denne eposten, og dei to advokatane som var involverte i saka møtte heller ikkje for retten for å avgi forklaring.
Ålesund-paret vert dermed frifunne av Sunnmøre tingrett, men begge partar må bere eigne sakskostnader, sidan desse ikkje er krevd dekka.
Dette spørsmålet var oppe til vurdering i Sunnmøre tingrett etter at eit advokatfirma frå Bergen bistod eit par frå Ålesund under ein tvist med eit lokalt byggfirma.
Tvisten galdt kontraktsbrot, men bistanden vart avslutta då det vart gjennomført tvangssal av eigedomen.
Kravde 100.572 og erstatning
Ålesund-paret hadde på førehand betalt 50.000 kroner til advokatfirmaet, men i retten kom det fram at partane var usamde om dette var å rekne som sikkerheit eller forskotsbetaling.Uansett fakturerte Bergens-firmaet Ålesund-paret for eit samla salær på 100.572 kroner.
Bergens-advokatane hadde sett fram krav om at Ålesund-paret skulle betale restsummen på 50.572 kroner, betale erstatning på 7.365 kroner i samband med inndriving av kravet, samt forseinkingsrenter.
- I rimeleg forhold til arbeidet
Retten viser til Advokatforeningen har utarbeidd reglar for god advokatskikk der det vert fastslått at salæret skal stå i eit rimeleg forhold til oppdraget og arbeidet som er utført av advokaten.Retten viser også til at ein av Bergens-advokatane i ein epost til Ålesund-paret uttrykte at det påståtte kontraktsbrotet skulle vere ei enkel og grei sak å løyse.
I domsslutninga viser retten til at eit salærkrav på over 100.000 kroner er høgt i forhold til arbeidet som er medgått, men retten tar likevel ikkje konkret stilling til kva som i dette tilfellet er eit rimeleg salærkrav ettersom Ålesund-paret uansett ikkje har vore tilstrekkeleg informert om kostnadsutvikliinga i saka.
Her viser retten til advokatforskrifta sitt punkt om at advokaten pliktar å gjere klienten merksam på om omkostningane med eit oppdrag vert uforhaldsmessig høge i høve til klientens økonomiske stilling eller dei interesser saksforholdet gjeld.
- Haglar av regningar
Her vert det presisert at Ålesund-paret hadde ei forventning om at det innbetalte beløpet på 50.000 kroner skulle vere nok, noko som også går fram av epostar som Ålesund-paret har sendt Bergens-advokatane.I ein av epostane står det følgjande: "Til slutt, det hagler av regninger og varsler osv. Der er satt over beløp, og deres fakturering overgår mitt skjønn på hva dette skulle koste på nåværende tidspunkt. Jeg må be om et totalt oppsett, så jeg får sett over til vurdering'."
Saksøkar svara ikkje på denne eposten, og dei to advokatane som var involverte i saka møtte heller ikkje for retten for å avgi forklaring.
Ålesund-paret vert dermed frifunne av Sunnmøre tingrett, men begge partar må bere eigne sakskostnader, sidan desse ikkje er krevd dekka.
Publisert: 21.07.2020 10:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00