Trygve slagsvold vedum valkampopning 2021 foto ntb scanpix 11
OPNA VALKAMPEN: Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum saman med Kurt Wikan, Senterpartiets femtekandidat i Finnmark, på Nordkapplatået før partiets offisielle valgkampåpning måndag. Foto: Berit Roald / NTB
Nytt

Slik førebur Vedum regjeringsmakt

Har byrja meisle ut to dokument som kan bli svært viktige etter valet.

29.07.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes): Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum byrja å jobbe med regjeringsplattforma allereie i 2018.

Det går føre seg i det stille.

Ein tiltrudd rådgivar har fått eit hovudansvar for arbeidet. Berre nokre få er involverte. Det er mykje «nerding», med innhenting av fakta og analyse av både partiprogram og saker i Stortinget for å finne ut kva Senterpartiet og Arbeidarpartiet kan bli samde om – og kva som splittar dei.

Etter det NTB kjenner til, har Sp på denne måten byrja å meisle ut to dokument som kan bli svært viktige etter valet:

* Ei regjeringsplattform som skal peike ut retninga for ei ny Ap-Sp-regjering

* Ein tilleggsproposisjon til statsbudsjettet for 2022

Vegval i 2018
Det var KrFs dramatiske vegval i 2018 som fekk startskotet til å gå.

Då dåverande KrF-leiar Knut Arild Hareide i september det året varsla at han ønskte regjeringssamarbeid med Ap og Sp, skal det ha gått eit lys opp for Sp-toppane: Dei mangla ein plan.

Dermed vart eit hastearbeid sett i gang for å sikre at partiet var førebudd viss KrF plutseleg skulle finne på å velte regjeringa.

Det skjedde ikkje. Men i Sp har førebuingane halde fram, heile tida strengt internt.

Etter det NTB blir fortald, har Sp ikkje late Ap sjå dei to dokumenta. Det skal heller ikkje finnast dokument som Ap og Sp har forhandla fram før valet.

Stramme tidsfristar
Medan regjeringsplattforma har eit meir langsiktig perspektiv, vil grepa i tilleggsproposisjonen få nærast umiddelbar effekt. Den skal nemleg innehalde dei endringane ei eventuell ny regjering vil gjere i budsjettforslaget for 2022.

Det er den sitjande regjeringa som får æra av å leggje fram sjølve budsjettforslaget.

Så får den nye regjeringa rundt halvanna veke på seg til å leggje fram forslag til endringar. I praksis blir det truleg snakk om å flytte på eit tital milliardar kroner.

Dermed blir det avgjerande å ha gode forslag klar på førehand.

Ap har allereie lagt fram ein 100-dagersplan for ei ny regjering med ei rekkje punkt som partiet må få inn i tilleggsproposisjonen.

Store vyar
Ein hovudstrategi for Sp i valkampen er samtidig å oppføre seg slik store parti oppfører seg.

Det påverkar førebuingane til regjeringsmakt.

Medan eit mindre parti kanskje ville ha konsentrert seg om gjennomslag i nokre få kjernesaker, prøver Sp-toppane no å ha eit meir heilskapleg blikk. Etter det NTB forstår, er ambisjonen at partiet skal ha ei heilt anna hand på rattet enn sist.

Men korleis sjølve regjeringa skal vere samansett, er Sp og Ap usamde om.

Medan Ap vil ha med SV òg, vil Sp halde SV utanfor. Og medan Jonas Gahr Støre er Aps statsministerkandidat, vil Sp ha Trygve Slagsvold Vedum som statsminister.

Valkampturné
Vedum sjølv la denne veka ut på ein stor valkampturné som skal ta han frå Nordkapp i nord til Lindesnes i sør.

Den symbolladde turen byrja måndag med fleire etappar på Widerøe-fly på kortbanenettet i Finnmark, før Vedum reiste vidare med Hurtigruten frå Kirkenes og sørover.

Neste veke held reisa fram med Bergensbanen innover i landet.

Ifølgje Sp-kjelder er den underliggjande ideen at Vedum med denne reisa skal lekamleggjere Senterpartiets slagord om å vere nær folk og ta heile landet i bruk.

I valkampen skal alle dei 19 stortingsvalsdistrikta besøkjast – frå Noregs minste kommune, Utsira, til den største, Oslo.

(©NPK)

Publisert: 29.07.2021 10:01

Sist oppdatert: 29.07.2021 10:09

Mer om