Slik skal skipsbygging kome ut av krisa
Skipsbyggingsindustrien får dramatisk mindre å gjere i løpet av neste år, meiner Menon Economics. Her er tiltaka selskapet meiner må til for å få ny fart på skipsbygginga.
"Samlet sett tegner dagens utsikter til at verftenes omsetning vil falle videre i 2021 og 2022. Fallet vil bli spesielt dramatisk i 2022 når ordrebøkene tømmes for cruiseskip. Uten omstilling til nye markedssegmenter eller nye etterspørselstiltak/trender vil dette sannsynligvis bety kroken på døren eller nedskalering for flere av de store verftene".
Slik skildrar Menon Economics utsiktene for norsk skipsbyggingbransje i ein rapport laga på oppdrag for Nærings- og fiskeridepartementet.
Rapporten skildrar både status for bransjen i dag, og foreslår fleire tiltak for å hjelpe den opp.
Legg om drifta
På kort sikt er det fornuftig at store nybyggingsverft satsar mindre på nybygging og meir på ombygging, ifølgje rapporten. Det er i samsvar med kva verfta sjølve svarar dei vil gjere. Sjølv dei største verfta, som inntil nyleg praktisk tala berre dreiv med nybygging, ventar at ombygging, vedlikehald, reparasjonar og opphogging vil stå for omlag halvparten av innntektene dei neste fem åra.
Planlegging og robotisering
Virtuelle prototypar bør gjere det lettare å planlegge skipsbygginga meir i detalj og dermed få betre styring.
Det bør også vere potensial for meir standardisering og modularisering av arbeidsprosessar, og å finne arbeidsoppgåver som er eigna for automatisering og robotisering, ifølgje rapporten. Den foreslår og at eitt eller fleire verft å etablere eit skipsverft som både byggjer skrog og og står for utrustning med høg grad av automatisering og robotisert produksjon.
Konsolidering
Fleire verft på færre hender bør mellom anna gjere det lettare å flytte arbeidstakarane mellom verfta. Det kan gjere det råd å ha fleire eigne fast tilsette, som Menon Economics meiner kan vere ein fordel.
Rapporten foreslår og eit tettere samarbeid mellom utstyrsprodusentar og verft.
Betre finansiering
På kort sikt er det beste styresmaktene kan gjere å styrke den innenlandske skipsfinansieringsordningen og betre lån- og garantiordningar, meiner verfta. Dei vil og ha betre eksportkreditt- og eksportgarantiordninger.
Eit anna ønske er strengare miljøkrav i offentlege anbod.
På lengre sikt vil verfta ha tettare kobling mellom løyvingar til forsking og utvikling og kva marknaden til skipsverfta vil ha av fartøy og finansieringsavlastingar for å kunne ta større investeringar, til dømes ved at offentege Siva byggjer og eig nye industribygg på verfta.
Publisert: 05.07.2021 06:00
Sist oppdatert: 12.07.2021 15:04