Kleven juli 2020 foto Ogne
NY START: Etter konkursen i fjor fekk Kleven Verft ein ny start med nye eigarar. Då aktiviteten var på topp under offshoreboomen var verftet også ei av dei største overnattingsbedriftene på Nordvestlandet, med innleigd arbeidsfolk i brakkeriggar ved verftet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Innleige frå utlandet er ikkje billegare for verfta

Innleigde utlendingar kostar verfta like mykje eller meir enn dei fast tilsette som bur i Noreg, men i dag er der ikkje nok fagfolk her til lands som kan erstatte dei.

04.07.2021
ANALYSE

Tida der skipsverfta kunne hente rimeleg arbeidskraft frå utlandet er forlengst over, i følgje ein rapport som Menon Economics har laga i samarbeid med Boston Consulting Group (BCG) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Departementet bestilte rapporten for å få ei kartlegging av økonomi og konkurranseevne til norske skipsverft, korleis offentlege verkemiddel for å hjelpe næringa slår ut og vurdere korleis støtteordningar i andre land slår ut for konkurransesituasjonen for norske verft.

Kanskje ein del av det departementet bad om å få belyst er slikt som eit Næringsdepartement og ein næringsminister burde vite frå før, men rapporten er uansett god oppsummering av status i skipsbyggingsbransjen.

Opplysninga om at kostnadane for ein innleigd utlending er fullt på høgde med ein fast tilsett busett i Noreg, er truleg den mest oppsiktsvekkande informasjonen i rapporten.

At den innleigde arbeidskrafta kostar verfta like mykje eller meir enn fastbuande og fast tilsette, tyder på at det er eit potensiale for å rekruttere i Noreg i staden for å basere seg like mykje på innleige som i dag.

Det kan vere eit poeng, for Menon Economics peikar på at omfanget av innleige kan vere ei ulempe: "norske verft (har) utkontrahert mange oppgaver til leverandører i utlandet (inklusive bemanningstjenester), noe som har redusert fleksibiliteten i byggeprosessen og svekket verftenes interne kompetanse og kompetansen hos underleverandører", heiter det i rapporten.

Men ein brå overgang frå omfattande bruk av innleige til fleire fast tilsette kjem ikkje.

Hovudgrunnen er at innleige i staden for fast tilsette gjer det lettare å regulere kapasitet og kostnadar i takt med oppdraga. Det er viktig, spesielt for dei største nybyggingsverfta der aktiviteten svingar mest.

Ut over det er det to årsaker til at verfta vel innleige i følgje rapporten.

Den første er at dei ellers rett og slett ikkje får tak i fagfolk - spesielt fagarbeidarar. Å utdanne og freiste fleire nordmenn til å arbeide i skipsbyggingsindustrien er ikkje fort gjort.

Den andre årsaka er at arbeidstidsreglane for innleigde er meir fleksible enn for fast tilsette. Meir fleksible arbeidstidsreglar betyr at dei innleigde kan arbeid meir enn fast tilsette i periodar.

Årsaka til at innleigd arbeidskraft frå utlandet ikkje er billegare enn norsk er det norske regelverket om såkalla almengjering. Den er laga for å unngå såkalla sosial dumping, der selskap hentar billeg arbeidskraft frå utlandet og utkonkurrerer norske bedrifter med tilsette med norske løns- og arbeidsvilkår. Både fagforeiningar og arbeidsgivarforeiningar kan kreve at ein bransje skal omfattast av almengjering, der minstekrava i norske tariffavtalar blir lovfesta.

Ei nemnd avgjer om krav om almengjering skal skal få ja eller nei, og skipsbyggingsbransjen er ein bransje der norske løns- og arbeidsvilkår har vore lovfesta i fleire år.

Verfta er ikkje skjerma mot konkurranse frå utlandet, og i følgje rapporten peikar verfta på almengjeringa som den største konkurranseulempa for norsk skipsbygging.

Konkurrentar i Tyrkia, Spania, Polen og Danmark må ikkje rette seg etter dei norske reglane om almengjering. Samstundes har verfta i Noreg gjort seg avhengig av mange innleigde for å kunne ta på seg oppdrag. Dei største verfta som har blitt spurt i samband med rapporten, fortel om over dobbelt så mange innleigde som fast tilsette i dei travlaste periodane.

Å satse på at lova om almengjering blir oppheva, slik at utanlandsk arbeidskraft kan leigast inn på lågare løner, er neppe realistisk. Slike idear møter alltid kraftig motstand. Ein ting er å la vere å almengjere ein bransje, ein annan ting er å reversere ei almengjering som er innført.

Det norske lønsnivået er rett og slett noko verfta må leve med, innleige eller ikkje.

Dei økonomiske resultata til verfta dei siste åra viser eit klart skille. Det er dei store nybyggingsverfta som har slite mest. Mindre og mellomstore har greidd seg langt betre.

Dei mindre og mellomstore verfta er i større grad retta mot ombygging, reparasjon og vedlikehald enn dei store nybyggingsverfta.

Etterspørslen i ombygging/reparasjon-marknaden svingar mindre enn nybyggingsmarknaden, og gjer det lettare å ha ein eigen stabil arbeidsstokk. Men om ingen vil satse på nybygg blir skipbyggingsbransjen og ringverkandane den skaper mindre enn den har vore.

Publisert: 04.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 07.07.2021 07:39

Mer om