Trine Vinther Talset The Assessment Company avd Molde 280224 Original Str fotograf andreas winter 140 1
FRAMSNAKKING: Trine Vinther Talset i The Assessment Company vil ha meir framsnakking i næringslivet., foto Andreas Winther
Nytt

Slik vil ho løfte Vestnes

Bedriftene må bli meir synlege for å rekruttere. Rekordpåmelding for 12-årig møteplass.

30.10.2024

Vestnes-samfunnet må marknadsføre seg som noko meir ein god kommune å bu i, med tilgang til arbeidsmarknaden i både Molde og Ålesund. 

Det meiner Trine Vinther Talset på Molde-kontoret til rådgiving- og rekrutteringsselskapet The Assessment Company.

I eit lengre perspektiv er det sjansen til å finne arbeid som er det viktigaste grunnlaget for å trekkje til seg folk og få dei til å bli, slik Vinther Talset ser det. Ho vil ha bedriftene i kommunen meir fram i lyset og vise fram at Vestnes også har mange interessante jobbar å tilby.

– Vi må framsnakke næringslivet og verksemdene, seier Vinther Talset.

Onsdag er ho eitt av trekkplastra på Vestneskonferansen, der ho skal snakke om korleis næringslivet og Vestnes-samfunnet skal bli flinkare i konkurransen om arbeidskrafta.

I sitt 12. år har konferansen 200 påmelde. Det er dobbelt så mange påmelde som nokon gong før. 

Vestneskonferansen blir arrangert av Vestnes Næringsforum.

Marknadsføring er meir enn sal
Vinther Talset er sjølv frå Vestnes og seier ho hadde ein fantastisk oppvekst, med kultur-, idrett og foreiningstilbod. Men den gongen så ho likevel ikkje for seg at at Vestnes var ein stad der ho ville jobbe.

No, etter at ho har kome attende til Nordvestlandet, ser ho annleis på det, mellom anna fordi ho har lært næringslivet meir å kjenne. 

Hennar råd til bedriftene er å bli meir synlege - mellom anna på sosiale media - og hugse at marknadsføring ikkje berre handlar om å få auka salet av varer og tenester bedriftene produserer. Det handlar óg om rekruttering - og å sørge for at dei som er potensielle arbeidstakarar i framtida kjenner til bedrifta og korleis det er å jobbe der.

– Mange selskap går kjempebra, men dei slit med å få tak i folk, seier ho.

Nye krav
Utfordringane med å rekruttere har endra seg mykje på få tiår. Det skuldast mellom anna at bedriftene treng å få tilført annan kompetanse enn for ti år sidan. Samtidig er det blitt tyngre å rekruttere frå utlandet

I tillegg legg arbeidstakarane vekt på andre faktorar enn tidlegare.

– Vi ønskjer å jobbe for selskap med dyktige leiarar, eit godt arbeidsmiljø og høve til å utvikle seg seier Vinther Talset.

Publisert: 30.10.2024 05:00

Sist oppdatert: 29.10.2024 23:04

Mer om