Kvivsvegen innfelt gabriel frøholm foto Sturlason wikimedia commons 11
LANSERTE IDEEN: Gabriel Frøholm (innfelt) lanserte ideen om Kvivsvegsambandet, som knyter saman Nordfjord og Sunnmøre med ei rekkje tunnelar. Foto: Wikimedia Commons.
Nytt

Slik ville «Vestlandsfanden» byggje landet

Nordfjordingen Gabriel Frøholm var ein sentral person då landet skulle byggjast saman, og lanserte mellom anna ideen om Kvivsvegen.

NPK
04.09.2021

NPK: Det er ikkje berre Kjell Opseth frå Sogn og Fjordane som har sett spor etter seg i norsk samferdsle. Fleire år før Opseth var nordfjordingen Gabriel Frøholm ein svært sentral person då landet skulle byggjast og knytast saman.

Gabriel Frøholm (1893–1973) frå Innvik i Nordfjord var eit slåande eksempel på det forfattaren Nils Kjær så forakteleg kalla Vestlandsfanden. Samferdslepioneren og majoren var ein høgrøysta fråhaldsmann, ihuga målmann og kompromisslaus motstandar av tobakk.

Nils Kjær (1870–1924) sjølv var del av eit frilyndt kunstnarmiljø i Oslo som vart kalla «pjolterintelligensaen», og som brukte det meste av tida si i røykfylte skjenkestover i hovudstaden.

Store norske leksikon forklarar uttrykket Vestlandsfanden som ei personifisering av eigenskapar og synsmåtar knytte til målsak, religiøs pietisme, fråhaldssak og liknande, som har vore rekna som typiske i ein del vestnorske miljø.

Frøholm var ikkje pietist, men resten av kriteria oppfylte han til fulle.

Gabriel Frøholm vegbygging foto ntb scanpix
MANGE BRUPROSJEKT: Gabriel Frøholm var ansvarleg for mange bruprosjekt i tida då han var vegsjef i Akershus. Her frå bygginga av ei bru i Bjørkelangen i 1960. Foto: Gabriel Frøholm/Norsk vegmuseum

– Visjonær føregangsmann
Historikaren Jon Tvinnereim kallar Gabriel Frøholm for ein visjonær føregangsmann i kommunikasjonsbygginga i Noreg, og at han meir enn andre sette utbygging av samferdsla inn i ein samfunnsmessig samanheng.

Nordfjordingen var major og sivilingeniør, og han jobba med bygging av vegar, tunnelar og bruer frå 1929 til han gjekk av for aldersgrensa i 1961. Som pensjonist gav han ut tre bøker om vegbygging, der han la fram visjonane sine om korleis han såg føre seg den framtidige vegutbygginga her i landet og internasjonalt.

Gabriel Frøholm familiegarden foto ntb scanpix
INNVIK: Gabriel Frøholm (t.v.) saman med familiemedlemer under slåttonna på Frøholmsetra i Innvik i 1942. Den rake ryggen var eit kjenneteikn for han heile livet. Foto: Privat.

Først kom boka «Med veg skal landet byggjast» i 1970, og deretter «Med veg skal Europa samlast» i 1971 og til slutt «Med veg skal verda vinnast» i 1972.

Gabriel Frøholm kom frå garden Frøholm nede ved fjorden i Innvik i Stryn kommune, som den nest yngste av seks sysken. Han viste tidleg gode evner, og som mange andre landsungdomar frå enkle kår som ville ta ei utdanning, så søkte han seg til Underoffisersskulen i Bergen. Her markerte han seg som svært dyktig, og det neste var realartium på gymnaset i Volda.

Dei gode resultata sikra han stipend til vidare studium.

I 1918 vart han uteksaminert frå den høgste avdelinga ved Krigsskulen, med eitt av dei beste resultata i skulen si historie. Deretter tok han utdanning som bygningsingeniør ved NTH i Trondheim i 1923. Og ved sida av studiar og sivile jobbar hadde han også ein militær karriere.

Han var ikkje den som deltok i festlege lag saman med medstudentane
Ola Marstein

– Ein kjedeleg person
Barnebarnet Ola Marstein fortel til NPK at bestefaren fekk passet sitt påskrive av medstudentane på den tekniske høgskulen. I ei av årbøkene blir han skildra som ein tvers gjennom kjedeleg person.

– Bestefar hadde berre eitt mål for auget, å få best mogleg karakterar. Han var ikkje den som deltok i festlege lag saman med medstudentane, seier han.

Blant ideane som Frøholm lanserte tidleg, og som seinare har vorte ein realitet, kan ein nemne tanken om gjennomgåande T-bane mellom aust og vest i Oslo og bygging av Stortinget T-banestasjon.

I 1970 lanserte han ideen om heilårsveg mellom Bergen og Oslo med tunnel mellom Aurland og Lærdal, og Lærdalstunnelen, ifølgje snl.no den lengste vegtunnelen i verda, er ein realitet. Han lanserte også tanken om tunnel gjennom fjellet Kviven mellom Volda i Møre og Romsdal og Hornindal i Sogn og Fjordane som ein del av stamvegen mellom Sunnmøre og Stavanger.

I dag er Kvivsvegen bygd, og det har også ført til at Hornindal har blitt ein del av Volda kommune og Møre og Romsdal fylke. I det heile var Frøholm ein sterk tilhengjar av tunnelar, og han var tidleg ute med å ville ha doble tunnelar, slik at trafikken berre gjekk ein veg.

Tunnelar med doble løp

Han var overtydd om at, sjølv om det vart dyrare å byggje ein enkeltløpa tunnelar, så ville ein spare inn dei pengane fordi det ikkje var naudsynt med så omfattande ventilasjon. Dette fordi bilane drog med seg så mykje luft ut av tunnelen når alle køyrde same veg.

– Som ung student i 1972 fekk eg vere med bestefar på ei studiereise nedover Europa i Folkevogna hans, etter at han som 79-åring fekk støtte frå Noregs tekniskvitskaplege forskingsråd for å ta målingar i vegtunnelar. Vi målte kor mykje luft bilane tok med seg i tunnelar i Sverige, Danmark og Tyskland. Det gjorde vi ved å måle farta på lufta. Når ein kjenner tverrsnittet på tunnelen, kunne ein rekne ut kor mykje luft bilane drog med seg, minnest Ola Marstein.

Dei rakk å vere litt turistar på turen også, og dei var blant anna innom både Roma og Paris på heimturen.

– Det seier litt om bestefar at dietten vår på turen på motorvegane i Europa var Korni flatbrød med smør på, medan vi drakk cola halvt blanda med vatn, ler Ola Marstein

I dag er tunnelar der trafikken går i berre ei retning normalen ved bygging av motorvegar her i landet. Gabriel Frøholm var også tidleg ute med å gå inn for bygging av tunnelar under vatn.

Seniorrådgjevar Geir Paulsrud ved Norsk vegmuseum seier til NPK at det ikkje er tvil om at Frøholm var langt før si tid med ideane sine om blant anna bygging av motorvegar. Han trur årsaka var at det ikkje vart satsa stort på samferdsel her i landet før rundt dei tidene då Frøholm vart pensjonist. Han meiner tankane hans var banebrytande, men at det ikkje var politisk vilje til å gjennomføre dei.

– Dermed vart han meir ein teoretikar enn ein praktikar, seier Paulsrud.

– Fanfare i samfunnsdebatten

Vegbyggjaren frå Frøholmen var ikkje skuggeredd. Han stod fram med meiningane blant anna i lesarinnlegg i avisene. Med kampsakene sine som vegutbygging i distrikta, fråhaldssak og målsak, møtte han sterke motstemmer, kanskje særleg i hovudstaden. Dagbladet var ei liberal avis med haldningar som stod i sterk motstrid til mykje av det Frøholm stod for, men han møtte også stor respekt frå meiningsmotstandarane.

Forfattaren og journalisten Knut Eidem skreiv dette i nekrologen om Gabriel Frøholm i Dagbladet:

«Han var en fanfare i vår samfunnsdebatt når det dreide seg om veier, tunneler, flyplasser, vannrensing…. Han var et slikt levende menneske, et festlig innslag i den ofte grå debatten. Åjo. Gabriel Frøholm blir nok savnet som få. Hans navn vil leve videre, ikke minst langt fram i tida når mange av planene hans – vyene om man vil – settes ut i livet. Det vil bli tomt etter ham. Dette er en klisje som ikke sjelden brukes i nekrologer. Men når det gjelder Gabriel Frøholm, føler alle som kjenner ham, at dette stemmer».

Det høyrer med til historia at Knut Eidem meir enn ein gong sprang og gøymde når han høyrde at den langt frå lydlause Gabriel Frøholm var på veg til kontoret hans for å få han til å skrive om eitt av dei mange prosjekta sine.

Ola Marstein minnest bestefaren som ein som stod hardt på meiningane sine, og som alltid var sikker på at det var han som hadde rett, og at meiningsmotstandarane tok feil. Og han var vegbyggjar også på fritida, det var ei altoppslukande interesse.

I eit intervju i Dagbladet vart han kalla «Norges sprekaste pensjonist». Frøholmen hadde sjølv forklaringa:

«Eg er fråhaldsmann, målmann, Vinstre-mann, antirøykjar og vegbyggjar. Lat meg heller ikkje gløyme: Offiser med».

Fysisk fostring

Fysisk fostring var viktig for han heile livet. Han var ein ivrig skiløpar, og han stupte frå 10-meteren i Forgnerbadet som 80-åring

Anders Dragesæt, som eig garden i Innvik der Frøholm vaks opp i dag, fortel at han var sjeldan gåverik, og at han i tillegg hadde ein veldig sterk fysikk. Denne historia vitnar om det:

– Han skulle inspisere eit brubyggingsprosjekt litt nord for Oslo. Arbeidet var stansa opp fordi dei hadde mist eit viktig verktøy i elva. Då sa han: «Peik ut kvar det ligg». Det gjorde dei, og han stupte uti og henta opp verktøyet og sa: «No kan de halde fram med arbeidet, karar!»

Det var nok ikkje alle arbeidskollegaene som likte at Frøholm heldt så godt på nordfjorddialekten, og han fekk nok høyre ein del spitord. Ein gong var det ein kollega som spurde om han visste kva ein heimføding var.

Svaret frå Frøholm var kontant: – Det er ein person som ikkje har vore nord for Sinsenkrysset.

Ein slektning i Innvik sa dette om han, ifølgje Jon Tvinnereim:

«Han var eit friskt innslag i sommardagen når han kom framande i Folkevogna si. Eg veit at eg tenkte av og til på Bjørnson når eg såg Frøholm. Store, buskete augnebryn og eit markert ansikt. Kunne verke litt morsk ved første augesyn, og det verka som om han strutta av energi sjølv når han var kommen høgt opp i åra. Han snakka fort og tett og var interessert i det meste. Eg sette pris på Frøholmen, og dessutan er eg også nynorskbrukar og fråhaldsmann»

Allkunne.no skriv dette om engasjementet for nynorsken:

«Målmannen Frøholm såg ein klar samanheng til faget sitt. Han var sikker på at gode vegløysingar med betre samband mellom bygdene ville styrkje livsgrunnlaget for dei og dermed rammevilkåra for nynorsk».

Nynorske militærkommandoar

Han var også oppteken av å fornorske språkbruken i militæret. Han la vekt på å forme militærkommandoane på lytefri nynorsk. «Giv akt» omsette han til : «Gje gaum».

Det går mange historier om Gabriel Frøholm. Ei er at då han la fram planane om ny motorveg gjennom Oslo, så la han traseen slik at tre bryggeri, Ringnes, Schous og Frydenlund måtte rivast. Og minst ein tobakksfabrikk låg også i vegen for Frøholm-lina.

Jon Tvinnereim skriv i ein artikkel om Gabriel Frøholm i Årbok for Nordfjord i 2012 at historia mest sannsynleg er oppdikta.

Ein ting alle er samde om er at han hadde enorm energi og verkelyst, og det blir sagt at han alltid hadde dårleg tid. Han hadde heile tida ny prosjekt i hovudet, og det hasta med å sette dei ut i livet. Han var på studiereiser til USA og til mange europeiske land for å sjå på vegutbygging. Og han kom heim med nye tankar.

Den dårlege tida han alltid hadde prega også bilkøyringa hans. Han hadde ei lita Folkevogn, som har farta land og strand rundt i. Og det gjekk av og til litt fort i svingane. Under ein foredragsturne hausten 1973 enda det ille for 80-åringen. I ein sving i Sande i Sunnfjord køyrde han i fjellveggen og miste livet.

Ein tragisk slutt for ein mann som brukte store delar av livet sitt på å gjere vegane tryggast mogleg.

Publisert: 04.09.2021 12:01

Sist oppdatert: 04.09.2021 12:07

Mer om