Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
MIAMI: Atlantic Sapphire med tidlegare slakting av laks enn planlagt ved anlegget i Miami. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Slit med død laks i Miami-anlegg

Atlantic Sapphire prøvar å finne årsaka.

17.10.2022

Lakseoppdrettaren Atlantic Sapphire informerer marknaden måndag om at alt ikkje har gått etter planen ved selskapet sitt landbaserte anlegg i Homestead i Florida.

På grunn av unormal høg dødelegheit har selskapet slakta mykje av fisken tidlegare enn først planlagt, slik at snittvekta berre er på to kilo.

Trass i problema opplyser selskapet at ein forventar å få rundt 12 US dollar for framtidig Bluehouse Salmon, som er fisk på tre kilo eller meir.

Ser på inntaksvatnet
Atlantic Sapphire vart råka av ein brann i anlegget selskapet hadde i Hvide Sande i Danmark, men har satsa stort på å byggje opp eit stort anlegg ved Miami i Florida. Seinast i juni vart det henta inn 1,2 milliardar kroner i ny eigenkapital. Ved Miami-anlegget har det også tidlegare vore problem med at mykje fisk har døydd.

No vert det tatt grep for å finne årsaka til den høge dødelegheita, og setje inn tiltak. Blant anna vert no systemet for nedkjøling av inntaksvatnet oppgradert, for å sikre auka temperaturstabilitet.

Endrar ikkje måla
Selskapet opplyser at ein framleis tek sikte på å slakte mellom 800.000 og ein million fisk i andre halvdel av 2022, og at måla for 2023 ikkje er endra trass i at ein måtte slakte fisk tidlegare enn planlagt i haust.

Det vert også opplyst at omsetninga i andre halvår i 2022 vil liggje på nivå med første halvår.

Det Vestnes-baserte selskapet er prisa til to milliardar kroner på Oslo Børs, etter å ha falle 65 prosent i verdi siste året.

Publisert: 17.10.2022 05:57

Sist oppdatert: 17.10.2022 08:11

Mer om