Slit med laan men angrar ikkje paa kjoepet
REM: Rem Saltire (tidlegare Fugro Saltire) vert no styrt frå Rem Maritime sitt kontor i Herøy. Her ligg Rem Saltire i Hellesylt.
Nytt

Slit med lån - men angrar ikkje på kjøpet

Eit obligasjonslån med forfall i september gir litt hovudbry, men Åge Remøy angrar ikkje på investeringa i Forland Shipping.

03.05.2018
- Nei, det går i grunnen som forventa.
Det var i november i fjor at investeringsselskapet In Nor Vest med Åge Remøy frå Herøy, svensk-sveitsiske Magnus Roth og islandske Thorsteinn Mar Baldvinsson gjekk inn med 60 millionar kroner i Forland Shipping, og vart 50 prosent eigar av selskapet.
Dette skjedde etter at trioen stabla på beina 500 millionar friske kroner for å byggje eit nytt offshorereiarlag nord for Stad etter at Røkke/Solstad overtok Rem Offshore.

Obligasjonslån på 350 millionar

Gjennom investeringa i Bergens-baserte Forland Shipping overtok Remøy kontrollen på dei to subseaskipa Forland Inspector og Fugro Saltire, der siste alt har skifta namn til Rem Saltire, og der Forland Inspector skal endre namn til Rem Inspector under eit verkstedopphald i sommar.
Refinanseringa for Forland Inspector er på plass, men i det skipseigande selskapet bak Rem Saltire ligg det eit obligasjonslån på 350 millionar kroner som forfell til betaling i august.
Dette uroar Remøy litt ettersom ein så langt ikkje har oppnådd semje med obligasjonseigarane.
- Vi har hatt dialog i fleire månader, men enno ikkje kome i mål, seier Remøy.

Vil gå inn med kapital

Han seier at In Nor Vest som ein del av ei løysing er villig til å gå inn med meir kapital.
- Ja, men det føreset at vi får til ei langsiktig løysing.
- Vi reknar med å få til ein avtale snart.

Tapte 165 millionar

Dei to skipa segla i fjor inn 225 millionar kroner, inkludert ein kompensasjon frå Fugro på 36,5 millionar kroner for Rem Saltire etter at selskapet avslutte ein kontrakt ni månader tidlegare enn kontraktsfesta.
Resultatet før skatt vart på minus 165 millionar kroner, mot minus 55 millionar kroner i 2016.
- Det er framleis krevjande tider innan offshore, noko som vil vise igjen i resultata for dei fleste offshorereiarlaga.
- Men vi ser litt lysning på sikt, seier Remøy.

Veks frå Herøy

Alle oppgåver rundt dei to skipa er overflytta til Rem Maritime i Herøy, og den tidlegare Forland Shipping-organisasjonen er avvikla.
- Vi satsar på å byggje oss vidare opp i Herøy, seier Remøy.
Rem Maritime har også sikra seg 60 prosent eigarskap i Vestland Offshore, med fire nyare PSV-ar og managementselskapet Vestland Management med rundt 300 tilsette.
Åge Remøy seier at ein ser etter nye mulegheiter.
- Vi har mange ballar i lufta, og så får vi sjå kva for nokre vi klarer å lande.
- Målet er uansett at vi skal vekse.
Ifølgje Marine Traffic er Forland Inspector i arbeid utanfor Elfenbenskysten, medan Rem Saltire er i arbeid ved eit offshore vindfelt utanfor kysten av Nederland.
Vi har mange ballar i lufta, og så får vi sjå kva for nokre vi klarer å lande

Publisert: 03.05.2018 10:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21