Slit med tjuveri av undersjøiske kablar
Høg koparpris aukar problemet. No tar Nexans grep. Ulstein-bygd båt er sentral.
Det er ei lang rekkje store kabelleggingsprosjekt på gang, og det er nye store planar, blant anna i samband med elektrifisering av oljeinstallasjonar på sokkelen, og for å knyte land og regionar samband med elektrisk kraft.
Nexans opplyser i ei pressemelding at i tillegg til overvaking av kablane og hindring av tjuveri, vil ein gjennom systemet Vigishield også få god kontroll over alle deler av prosjektet.
- Denne portefølgjen av løysingar brukar innovativ kabelovervaking og sporingsteknologi for å sikre at kablane og operasjonen til kundane er verkeleg sikre. ens kabler og drift er virkelig sikre.
- Det gir også sjelefred, seier Olivier Pinto, Nexans innovasjonsdirektør i pressemelinga.
Med koparprisar på rundt 10.000 dollar for eitt tonn råkopar, har steling av undersjøisk kablar vorte eit tiltakande problem.
Fleire aktørar har tapt milliardsummar på at kablar har vorte kutta og fjerna frå havbotnen.
No tar det franske selskapet Nexans grep, og introduserer systemet Vigishield, med eit sett av tiltak for å hindre tjuveri, inkludert permanent overvaking av kabelnettet.
Det Ulstein-bygde skipet Nexans Aurora er viktig i dette arbeidet. Den 149,9 meter lange og 31,0 meter brei kabelleggjaren skal no på oppdrag å leggje eksportkablar frå Seagreen offshorefarm i Skotland.
Deretter skal skipet delta i prosjektet med å leggje kabel mellom Kreta og Attica i Hellas, i tillegg til havvindprosjektet Empire i USA.
Publisert: 30.09.2021 15:56
Sist oppdatert: 01.10.2021 16:02