Nexans aurora 13 juni foto marius 11
LA FRÅ KAI: Nexcans Aurora på veg ut Ulsteinfjorden søndag kveld med kurs for hovudkvarteret til Nexans Norway på Austlandet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kabelskip segla frå Ulstein spekka med lokalt utstyr

Alt frå interiør, lys og bysse kjem frå Nordvestlandet. Nexans Aurora segla frå verftet med utstyr frå kring 30 lokale leverandørar om bord.

Marius Rosbach
13.06.2021

Søndag kveld la kabelskipet Nexans Aurora frå kai ved Ulstein Verft og sette kursen for hovudkvarteret til konsernet ved Halden.

AIS-sporinga viste at destinasjonen var Fredrikstad då skipet segla ut Brosundet , men Nexans har tidlegare opplyst at skipet skal til hovudkvarteret der dei har eit kompetansesenter for undersjøiske høgspentkablar.

Nexans aurora interiør foto ulstein group 11
INTERIØROPPDRAG: Rovde Møbel & Design har innreia skipet som søndag forlot byggeverftet. Foto: Ulstein Group

Kring 30 leverandørar frå regionen
Det nær 150 meter lange skipet har utstyr frå ein lang rekke leverandørar frå Nordvestlandet om bord. Kring 30 selskap med adresse i regionen har hatt arbeid som følgje av oppdraget, ifølgje ei oversikt frå Ulstein Group i fjor sommar.

Sidan har det kome fleire til – som Rovde Møbel & Design, som i fjor haust fekk jobben med å innreie nybygget.

Marineavdelinga til ABB har levert hovudbrytartavla medan Kongsberg Maritime har levert systemet for dynamisk posisjonering.

Om bord finn vi også ein rekke andre produkt frå lokalemiljøet kring verftet, som bysse frå Mare Safety, lys frå Luminell og ikkje minst et skipet designa av Skipsteknisk i Ålesund.

Sjå heile lista med leverandørar

  • BB
  • Acel
  • AM Instrumentering
  • Anda-Olsen
  • Robinet
  • Blue Ctrl
  • Brunvoll
  • Dimo
  • Eltorque
  • Glamox
  • Hydroniq Coolers
  • Jets Vacuum
  • Kongsberg Maritime
  • Libra-plast AS
  • Luminell Norway
  • Mare Safety
  • Maritime Partner
  • MMC Green Technology
  • Nogva Motorfabrikk
  • Plany
  • Rovde Møbel & Design
  • Servi Ulsteinvik
  • Skipsteknisk
  • Sperre Industri
  • Ulmatec Baro
  • Ulmatec Pyro
  • Undertun Industri
  • Westcoat

Nominert til årets skip
Nexans Aurora blei døypt førre veke, same dag som verftet sjøsette det neste skipet som skal leverast, eit ekspedisjonscruiseskip til Lindblad.

Fredag blei det også kjent at begge desse skipa er nominert til Årets Skip i den årlege kåringa til Skipsrevyen.

Sjå bildeserie frå prøveturen

Kabelskipet har vorte utrusta ved Ulstein Verft etter at skroget er bygd ved det polske Crist-verftet. Det 149,9 meter lange skipet er eit av dei største verftet har levert nokon gong, etter at det kroatiske verftet som først blei valt, fekk økonomiske problem.

(saka held fram under)

Nexans aurora brua foto ulstein group 11
BRUA: Kongsberg Maritime har levert systemer for dynamisk posisjonering på Nexans Aurora. Framdrifta kjem frå seks store dieselmotorar frå Rolls-Royce i Bergen. Foto: Ulstein Group

Les meir om skipet:

Sjå video om korleis skipet fungerer:

Publisert: 13.06.2021 22:15

Sist oppdatert: 13.06.2021 22:52

Mer om