Nexans Aurora CR Nexans Ulstein Per Eide Studio DJI 0741 low res
KABELSKIP: Måndag vart Nexans Aurora overlevert frå Ulstein Verft. Foto: Ulstein Group
Nytt

- Ei bragd å levere Nexans Aurora på tid

Det 149,9 meter lange kabelleggingsskipet Nexans Auroa er overlevert frå Ulstein Verft.

31.05.2021

- Det er ei bragd at Nexans Aurora har vorte levert på tid trass i at ein samtidig har handtert Covid-19-pandemien, med alle implikasjonar, avgrensingar og forseinkingar innan både produksjon, innkjøp, reiserestriksjonar, karantene og mykje meir.

- Det er ein prestasjon at Ulstein har klart å halde Covid-19 utanom verftsområdet gjennom heile prosjektet, seier Ulstein Group sin konsernsjef, Cathrine Kristiseter Marti, i ei pressemelding.

Skulle byggjast i Spania
Skipet har vorte utrusta ved Ulstein Verft etter at skroget er bygd ved det polske Crist-verftet. Den nesten 150 lange Skipsteknisk-designa kabelleggjaren er eitt av dei største skipa verftet har levert nokon gong, etter at det kroatiske verftet som først blei valt, fekk økonomiske problem.

Nexans Aurora er spesialisert i transport og installasjon av undersjøiske høgspentkabelsystem og ei rekke undersjøiske konstruksjonsoppgåver. Skipet er utstyrt med spesialdesigna utstyr for transport og legging av kabel og umbilical inkludert buntlegging, kabelvern og -spleising.

Fartøyet vil ha ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar.

Nexans Aurora mannskap
KABELLEGGING: Mannskapet på Nexans Auroa klar for kabellegging. Foto: Ulstein

36 månader med konstruksjon
Ulstein Verft sin prosjektleiar, Hans Karsten Voldsund, understrekar i pressemeldinga at det gode samarbeidet, innsatsviljen og hardt arbeid av alle involverte, har vore heilt avgjerande for at prosjektet har gått så godt.

Nexans sin prosjektleiar, Frode Beyer, seier at han er nøgd og letta etter 36 månader med konstruksjon av fartøyet.

- Dette er ein minneverdig dag for prosjektteamet og for Nexans, og eg vil takke alle som har bidratt til suksessen i dette prosjektet. Vi ser no fram til å få Nexans Aurora ut i verda for å bidra til Nexans sitt ønske om å "Elektrifisere framtida" for eit grønare tilvære.

Fartøyet blir døypt i ein seremoni i Ulsteinvik 8. juni, før Nexans Aurora reiser til heimehamna Halden og Nexans sitt kompetansesenter for undersjøiske høgspentkablar.

Publisert: 31.05.2021 16:44

Sist oppdatert: 31.05.2021 23:04

Mer om