Siv remøy vangen foto marius 11
MEST MENN: Siv Remøy-Vangen frå Herøy påpeika at sjølv om det er blitt betre kjønnsbalanse i maritim næring, så jobbar dei fleste kvinner på land i støttefunksjonar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Denne ballongen må vi ta hol på

Siv Remøy-Vangen fryktar for framtida til maritim næring.

Marius Rosbach
16.06.2022

Under Damene Først-konferansen torsdag fekk deltakarane mellom anna møte forretningskvinna Siv Remøy-Vangen frå Herøy.

Ho er i dag administrerande direktør i interesseorganisasjonen Maritime Bergen og har ikkje vore redd for å stikke seg fram i diskusjonen om likestilling i bransjen.

Sjølv om ho påpeika at det hadde blitt fleire kvinner i næringa dei siste åra, meiner ho det framleis er ein lang veg å gå. Sjølv om det er blitt betre kjønnsbalanse i maritim næring, så jobbar dei fleste kvinner på land i støttefunksjonar.

Mangfald, digitalisering og utsleppskutt
Då Remøy-Vangen skulle trekke fram dei tre store utfordringane for bransjen, meinte ho at manglande mangfald var ei større utfordring, enn behovet for digitalisering og utsleppskutt.

– Om vi ikkje klarar å gjere noko med det, så trur eg faktisk – litt sett på spissen – at maritim næring ikkje har ei framtid, sa ho.

Siv remøy vangen foto marius 22
ENGASJERT: Siv Remøy-Vangen har i ei årekke engasjert seg for mangfald i bransjen og fekk i fjor prisen Wista Norway Leadership Award 2021 arbeidet. Under Damene Først-konferansen viste ho fram ei nyheitsinnslag frå Tv 2 om dårleg likestilling i næringa. Foto: Marius Rosbach

Korleis mannlege og kvinnelege leiarar blir sett på, er eitt av problema.

Remøy-Vangen viste til at medan handlekraftige menn gjerne blir sett opp til, blir kvinner som opptrer på same måte, gjerne møtt med fordommar, til dømes om korleis dei er som mødre.

– Denne ballongen må vi ta hol på, understreka ho.

– Handlar om å stå i det
Sjølv starta herøykvinna si arbeidskarriere som fabrikkarbeider på fiskebåten «Hopen». Seinare har ho mellom anna jobba som skipsmeklar og prosjektleiar i maritim industri.

I tillegg til at bransjen må gå i seg sjølve for å bli betre til å rekruttere breitt, har kvar enkelt eit ansvar.

– Det handlar om å stå i det, og ikkje vere redd for å gjere det du har lyst til, meinte ho.

Hennar tre råd til kvinner som vil opp og fram, er å tenke utradisjonelt, mangfald – og å seie ja.

Mamma og manager for Karsten
Konferansen blei innleia med tidlegare statsminister Erna Solberg på scena.

I løpet av dagen fekk også deltakarane eit digitalt møte med Karsten Warholm-manager Kristine Haddal, som leier teamet til sonen frå Ulsteinvik.

Trenar Leiv Olav Alnes har vore klar på at friidrettsstjerna ikkje hadde vore der han er i dag, utan familien. NETT NO har tidlegare omtala familiebedrifta Sunn Vekst, der mormora til Karsten handterer rekneskapen.

Leiarjobben til mamma Kristine spenner vidt, frå forhandlingar med internasjonale sponsorer, til å sende signerte autografkort på postkontoret.

Publisert: 16.06.2022 15:30

Sist oppdatert: 16.06.2022 19:57

Mer om