Prodtex Tore Roppen Sigbjoern Nordstrand 11
Tore Roppen og Sigbjørn Nordstrand har vore frontfigurar og leiar i Prodtex-konsernet som utvikla og tok i bruk metodar for automatisert sveising. Planen var mellom anna å produsere store stålkonstruksjonar - mellom anna til bruer - på ein effektiv måteFoto: Marius Rosbach
Nytt

Slutt for Prodtex

Selskapet har gått til skifteretten og meldt oppbod etter krav frå Statsbygg.

22.04.2025

«Dette er ein svært tung dag for selskapets styre og leiing», skriv Prodtex AS i ei pressemelding om konkursen.

Prodtex er morselskapet til Prodtex Industri i Vanylven, som gjekk konkurs i fjor sommar.

Med den konkursen forsvann produksjonselskapet til konsernet. No har også ingeniørselskapet kasta korta.

Gjelda i selskapet er på 18,9 millionar og verdiane er på kring 7,8 millioner kroner, ifølgje rettspapira. 

Det var 13 tilsette og verksemda var i gong på konkurstidspunktet. Bustyrar i saka er Øystein Remme. 

Gir Statbygg-krav skulda
Ifølgje pressemeldinga er den utløysande årsaka til konkursen eit erstatningskrav frå Statsbygg for kostnadar Statsbygg meiner å ha blitt påført av at Prodtex ikkje leverte køyretøysperrer til regjeringskvartalet som avtalt. 

Det kravet kan ikkje Prodtex betale. Statsbygg kom med kravet 4. april.

«Prodtex var ikkje i stand til å fullføre leveransen til avtalt pris, men tilbaud å gjere dette for eit pristillegg langt lavare enn den erstatninga Statsbygg no krev. Leveransekontrakta med Statsbygg vart i samråd med Prodtex overtatt av ny leverandør i november 2024. Hevinga og erstatningskravet kjem dermed nærare eit halvt år etter at ein har bidratt til å finne løysing med ny leverandør», heiter det i presssemeldinga.

Skuffa
Prodtex har inga forståing for kravet, skriv selskapet - som er skuffa over Statsbygg si handtering:

«Styret og leiinga i Prodtex er svært skuffa over Statsbygg si handtering av denne saka, ikkje minst sidan sperrene er utvikla spesielt for regjeringskvartalet gjennom ein designkonkurranse og ei påfølgande utviklingskontrakt», heiter det.

Banken sa opp engasjementet
Ifølgje pressemeldinga hadde Prodtex fått opp aktiviteten etter konkursen i datterselskapet Prodtex Industri i fjor, og har hatt ein positiv kontantstraum sidan i fjor sommar.

Før kravet frå Statsbygg kom, var Prodtex i forhandlingar med långivar Sparebank 1 SMN:

«Vi har sidan konkursen i Prodtex Industri vore i konstruktive forhandlingar med Sparebank 1 SMN om Prodtex AS sitt garantiansvar overfor datterselskapet. Etter mottak av brevet frå Statsbygg valde banken å seie opp engasjementet og tiltre pantet sitt i selskapet», skriv Prodtex i pressemeldinga. 

Den er underskriven av dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand og styreleiar Kjersti Kleven.

Publisert: 22.04.2025 15:51

Sist oppdatert: 22.04.2025 17:13

Mer om