Selskapet Holmen Mekaniske Verksted er dei nye eigarane av det store industrianlegget på Fiskåholmen i Vanylven.
– Vi har tenkt til å utvikle eigedomen, fortel Asbjørn Strand som er dagleg leiar i det nystarta selskapet, til Nett No.
Han eig halvparten av selskapet via Strand Stillas, som allereie har drive verksemd på staden i ei årrekke.
– Har plass til fleire
Jens Tommy Brudevoll og Vebjørn Strand er også med på eigarsida i Holmen Mekaniske Verksted med høvesvis 30 og 20 prosent av aksjane.
– Vi har leigetakarar på delar av eigedomen, men vi har plass til fleire. Her er til eksempel gode moglegheiter for dei som driv innan industri eller maritim verksemd, og treng tilknyting til sjøen, fortel Strand.
– Her er også god tilgang på straum – som kan vere ei utfordring mange plassar i dag, legg han til.

Overtok etter konkurs
Prodtex Industri som hadde verksemd på plassen tidlegare, gjekk som kjent konkurs i fjor. Dei dreiv mellom anna produksjon av bruer ved hjelp av avansert robotsveising.
Sparebank 1 SMN som hadde pant i eigedomen, stadfesta til Nett No i haust at det gjekk føre seg forhandlingar om eigedomen og utstyret.
Nyleg blei det altså klart at Holmen Mekaniske Verkstad overtek to gards- og bruksnummer for åtte millionar kroner. I tillegg har dei overteke en del utstyr for ein ukjent sum.
Strand fortel at dei blei samde med buet om ein «pakkesum» for kjøpet.
Innhaldsrik eigedom
Heile eigedomen utgjer omlag 45-50 mål. Av dette er 6000 kvadratmeter bygg av ulike slag. Her er mellom anna verftshall, ein lågare hall, kontorlokale og lagerbygg.
Det var Ulstein-konsernet som i si tid bygde industrihallen som mellom anna har kranar i 20 meters høgde.
På eigedomen er det også to kaier.
– No held vi på å pusse opp kaiområde - også er det ein del som må ryddast opp, fortel Strand.
Store mengder stål må fjernast
På eigedomen står det framleis ein del utstyr etter Prodtex-verksemda. Mellom anna store mengder stål etter store merdar det konkursråka selskapet skulle bygge for Lerøy Seafood.
Strand fortel at dei har avtale med konkursbuet om at det skal fjernast innan sommaren.
Etter at Ulstein Group la ned skrogseksjonsbygginga på Fiskåholmen i 2015, kjøpte Vanylven kommune industrianlegget. I fleire år var det lite aktivitet i hallen, før eigedomen ble selt til Prodtex Industri i 2020.
Publisert: 11.02.2025 05:00
Sist oppdatert: 10.02.2025 23:13