Prodtex tore roppen sigbjørn nordstrand foto marius
TRENG OPPDRAG OG KAPITAL: Etter tapa i konkursen i dotterselskapet treng forretningsutviklar Tore Roppen, dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand og dei andre i Prodtex AS nye oppdrag og meir kapital. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Prodtex kjempar for å overleve

Må bli samde med bank og kreditorar. Får hjelp med leveransar frå Ulmatec.

Marius Rosbach
31.01.2025

2023-rekneskapen til Prodtex AS i Ulsteinvik viser at selskapet kjempar for å overleve etter konkursen i dotterselskapet Prodtex Industri i fjor. 

– Konkursen i Prodtex Industri AS har naturleg nok hatt store konsekvensar for morselskapet Prodtex AS, då ein mellom anna leverte ingeniørtenester til produksjonsselskapet, opplyser dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand til Nett No.

Pressa økonomi - høg aktivitet
I årsmeldinga skriv styret at dei er i ein utfordrande finansiell situasjon, og avhengige av å inngå avtaler med kreditorar og leverandørar, sikre seg avtaler om nye prosjekt og tilførsel av ny kapital. 

«Dersom ledelsen ikke lykkes med dette, vil selskapet ikke være i stand til å betjene sine løpende forpliktelser», heiter det blant anna i årsmeldinga. 

Samtidig har selskapet godt med oppdrag for augneblinken.

– Prodtex AS har i dag høg aktivitet med gode oppdrag framover. Alle tilsette er i arbeid og vi opplever auka etterspurnad etter tenestene våre, fortel Nordstrand.

Prodtex montasje åfjord bru frakta montering foto prodtex 11
AVANSERT ROBOTSVEISING: Prodtex har mellom anna laga bruer med avansert robotsveis. Teknologien tilhøyrer morselskapet som no har utfordringar på fleire frontar. Foto: Prodtex

Ulmatec-selskap sikrar leveransar
Etter konkursen fekk Prodtex problem med produksjonen av 57 køyretøysperrer som skal sikre regjeringskvartalet i Oslo. 

Da dotterselskapet melde oppbod var det levert 12 sperrer. 

For å sikre den vidare leveringar er det inngått avtale med Ulmatec Handling Solutions om at dei skal produsere, levere og montere resten av sperrene i ordren. 

Prodtex blir underleverandør til oppdraget og har rettigheitene til leveransar av slike køyretøysperrer i framtida, blir det opplyst i årsmeldinga. 

Usikkerheit kring storleiken på banktap
Garantiar som morselskapet har stilt til det konkursråka dotterselskapet, er mellom utfordringane som ikkje er løyst, skriv Prodtex-styret i årsmeldinga for 2023.

Då rekneskapen blei levert denne veka, vart det ikkje klart kor store tap banken ville få, og det er betydeleg usikkerheit knytt til storleiken.

«Prodtex AS vil imidlertid ikke være i stand til å oppfylle sine garantiforpliktelser i sin helhet dersom banken krever inn garantien for å dekke tap knyttet til Prodtex Industri AS», heiter det i årsmeldinga. 

Prodtex Industri hadde ei gjeld på 162 millionar og verdiar for 76 millionar kroner då konkursen var eit faktum.

Prodtex oppdrettsmerd Seafarming Systems foto marius 1
GJEKK GALE: Prosjektet med å bygge store stålmerdar til Lerøy gjorde at Vanylven-selskapet måtte melde oppbod. Foto: Marius Rosbach

Tap på meir enn 40 millionar
Som følgje av konkursen i dotterselskapet har Prodtex AS skrive ned verdiane av aksjane i dotterselskapet, og bokført tap på fordringar mot same selskap.

Det påverkar 2023-resultatet negativt med 41,5 millionar kroner. Resultatet før skatt enda med minus 36 millionar – etter at sjølv drifta gjekk knappe 1,9 millionar i pluss (sjå tabell under). 

Styret skriv at dei ventar konkursen óg vil dra ned 2024-resultatet til selskapet– og at det blir eit underskot i rekneskapen også for det året. 

Prodtex AS  
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt76,913,9
Driftsresultat1,9-1
Resultat før skatt-36,2-1,1

Laga bruer og oppdrettsmerdar
Det konkursråka selskapet dreiv produksjon på Fiskåholmen i Vanylven ved hjelp av robotisert lasersveis utvikla av Prodtex AS. Teknologien selskapet har utvikla ligg i morselskapet.

Prodtex Industri laga mellom anna fleire bruer for Statens vegvesen på ein måte som har vekt oppsikt grunna de låge klimaavtrykket. 

Dei jobba også med å lage hydrogentankar til skip og store oppdrettsmerdar  - og sistnemnte oppdrag velta økonomien i selskapet. 

Publisert: 31.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 30.01.2025 22:45

Mer om