Selskapet har sidan 1930-talet tatt imot torsk og annan kvitfisk, spesielt frå kystflåten, og også førd til at mange av dei mindre kystfiskebåtane har hatt Fosnavåg som hamn under vinterfisket.
No kan dette verte endra, og dei må gå til Ålesund eller andre stader for å få levert fisken.
- Vi er ved eit tidsskilje for Fosnavåg, seier dagleg leiar Knut Igesund i Sunnmørsfisk.
Han vedgår at det er spesielt.
- Fiskeanlegget har alltid vore ein del av familien, og det er ein lang epoke som no er over.
- Vi måtte ha investert nokre millionar i driftsmidlar om vi skulle halde fram drifta.
Rekneskapstala viser at selskapet har slite siste åra. 2013-tala er ikkje offentlege, men resultatet for 2012 viser eit driftsresultat på minus 1,7 millionar kroner etter ei omsetning på 22 millionar kroner.
Igesund seier at det ikkje er mykje gjeld i selskapet.
- Underdekninga ved oppbodstidspunktet er på nokre få hundre tusen kroner.
Dette arealet ligg idyllisk til mot Holmefjorden, like ved hamneinnløpet til Fosnavåg.
- Vi er i dialog med kommunen om omregulering for området.
- Vi ser no framover, seier Knut Igesund.
Bustyrar i buet etter Sunnmørsfisk er advokat Hege Heian Notøy. Første skiftesamling skal haldast 20. februar i Søre Sunnmøre tingrett i Volda.
No kan dette verte endra, og dei må gå til Ålesund eller andre stader for å få levert fisken.
- Vi er ved eit tidsskilje for Fosnavåg, seier dagleg leiar Knut Igesund i Sunnmørsfisk.
Han vedgår at det er spesielt.
- Fiskeanlegget har alltid vore ein del av familien, og det er ein lang epoke som no er over.
Investeringsbehov
Igesund meiner likevel at det no var rett å kaste korta og melde oppbod.- Vi måtte ha investert nokre millionar i driftsmidlar om vi skulle halde fram drifta.
Rekneskapstala viser at selskapet har slite siste åra. 2013-tala er ikkje offentlege, men resultatet for 2012 viser eit driftsresultat på minus 1,7 millionar kroner etter ei omsetning på 22 millionar kroner.
Lite gjeld
I åra før har selskapet lege på rundt 20 millionar kroner i driftsinntekter, medan driftsresultatet har vore negativt eller svakt positivt.Igesund seier at det ikkje er mykje gjeld i selskapet.
- Underdekninga ved oppbodstidspunktet er på nokre få hundre tusen kroner.
Stort areal
Sunnmørsfisk er driftsselskapet, medan gjennom tre ulike eigedomsselskap eig Igesund-familien anlegget og eit 30-40 mål stort areal rundt anlegget.Dette arealet ligg idyllisk til mot Holmefjorden, like ved hamneinnløpet til Fosnavåg.
Ser framover
Kommunen har store planar for området.- Vi er i dialog med kommunen om omregulering for området.
- Vi ser no framover, seier Knut Igesund.
Bustyrar i buet etter Sunnmørsfisk er advokat Hege Heian Notøy. Første skiftesamling skal haldast 20. februar i Søre Sunnmøre tingrett i Volda.
Vi er ved eit tidsskilje for Fosnavåg
Publisert: 28.02.2014 10:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30