Bilde 2022 10 25 084309439
SLUTTAR: Håkon André Berg trekker seg som toppsjef i Salmon Evolution. Foto: Marius Rosbach/Salmon Evolution
Nytt

Sluttar i Salmon Evolution

Adm. dir. Håkon André Berg trekker seg. Finansdirektøren tek mellombels over.

25.10.2022

Salmon Evolution opplyser i ei børsmelding tysdag at adm. dir. Håkon André Berg trekker seg som toppsjef for selskapet. Bakgrunnen skal vere spesielle familieomstende.

Styret har samstundes tilsett finansdirektør Trond Håkon Schaug-Pettersen som mellombels adm. dir., og har samstundes starta prosessen med å finne ein ny toppsjef.

Går inn i styret
Håkon André Berg viser i børsmeldinga til at det har vore ei sann glede å leie selskapet i denne perioden, eit selskap som har gått frå å vere eit lite oppstartsselskap, til å verte eit globalt selskap med 60 tilsette.

Han seier at han er sikker på at selskapet er i ein unik posisjon, og at det ikkje har vore ei lett avgjersle å ta når han no vel å slutte.

- Men på grunn av visse personlege familieomstende har er kome til den konklusjonen at det er det beste å trekke meg frå min stilling som administrerende direktør både for familien min og selskapet.

Berg har samstundes sagt ja til nominasjonskomiteen om å gå inn i styret for selskapet.

Snart klart for slakting
Berg tok til i selskapet i 2019, og styreleiar Tore Tønseth rosar jobben han har gjort. Sjølv om han er lei seg fordi Berg sluttar, er Tønseth sikker på selskapet vil levere som planlagt framover.

Trond Håkon Schaug-Pettersen vart tilsett som finansdirektør i Salmon Evolution i oktober 2020. Han kom då frå ei leiarstilling i Hofseth International.

Han rosar selskapet og dei tilsette i børsmeldinga.

- Vi står føre nokre svært spennande månader med den første slaktinga, og får demonstrert konseptet. Selskapet vil på den basis ha ei plattform utan sidestykke for å utvide operasjonane, både i Norge og utlandet, seier han.

Salmon Evolution opplyser at første slaktinga av laks vil skje i tidleg i november.

Publisert: 25.10.2022 07:57

Sist oppdatert: 25.10.2022 08:43

Mer om