Slaar alarm om rekrutteringsarbeidet paa Nordvestlandet
MÅ OPNE OPP: Bente Lund Jacobsen meiner næringslivet på Nordvestlandet har ein skremande tendens til å ekskludere jobbsøkarkandidatar som ikkje bur på Nordvestlandet.
Nytt

Slår alarm om rekrutteringsarbeidet på Nordvestlandet

Folk som ikkje bur på Nordvestlandet blir ikkje invitert på jobbintervju. Det skremmer dagleg leiar Bente Lund Jacobsen i Næringsforeningen Ålesundregionen.

25.01.2020
Bente Lund Jacobsen og hennar kollegaer i Næringsforeningen Ålesundregionane har fått litt for mange telefonar og epostar frå god kvalifiserte jobbsøkjarer med adresse utanfor Nordvestlandet, som opplever at dei ikke blir innkalla på intervju om jobbar dei har søkt på.
- Det er trist at Næringsforeningen får henvendelsar frå mange søkjarar utanfrå denne regionen, som ikkje eingong blir innkalt til intervju, seier Lund Jacobsen til NETT NO.
Så mange er det som har vendt seg til Næringsforeningen at Bente Lund Jacobsen meiner det avslører eit farleg mønster. Har du ikkje adresse på Nordvestlandet kjem du ikkje med i betraktninga, sjølv om du er godt kvalifisert.
Det spelar inga rolle om du vaks opp på Nordvestlandet eller ei, med feil adresse kjem ikkje invitasjonen til jobbintervju.

Manglande fornying

Lund Jacobsen meiner næringslivet sin manglande vilje til å rekruttere utanfrå er skadeleg, for heile regionen og også for næringslivet sjølv.
I dag er det i alt for stor grad at bedriften på Nordvestlandet rekrutterer tilsette frå andre bedrifter på Nordvestlandet.
- Vi får ikkje fornying viss vi ikkje hentar folk utanfrå, seier Lund Jacobsen.

Vil starte trainee-program

Næringsforeningen lanserte i 2018 at den ville start eit traineeprogram for nyutdanna folk som vil inn i næringslivet på Sunnmøre. Sogn og Fjordane og Kristiansundområdet har hatt slike program i fleire år, men mangel på oppslutninga gjorde at lanseringa på Sunnmøre vart utsette til i år.

Det er ikkje aktuelt å utsette lanseringa eitt år til. No er det enten eller, seier Lund Jacobsen. Ho reknar med at det er svært sannsynleg at traineeprogammet startar til hausten, sjølv om ho ikkje er fornøgd med oppslutninga så langt. Fire bedrifter har signert på at dei vil vere med og dei kan ta inn fem-seks traineear.
Lund Jacobsen vil helst han med nok bedrifter og andre aktørar til at den første trainee-sesongen kan starte med minst ti traineear - for å tilby eit større fellesskap til traineeane som er med.
- Vi brukar januar til å få fleire bedrifter til å melde seg.

Etterlyser kommunen

Møre og Romsdal Fylkeskommune har gitt Næringsforeningen 1,4 millionar kroner i støtte for å få etablert traineeordninga på Sunnmøre.
Lund Jacobsen vil førebels ikkje seie kva for bedrifter som er med, men på spørsmål om Ålesund kommune er med, svara ho at at det er den ikkje – i alle fall ikkje førebels. Ho vil bli skuffa om ikkje Ålesund kommune blir med på trainee Sunnmøre, som nettop skal bidra å bygge ein meir attraktiv region. Etter at Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy gjekk saman blei Ålesund ein enda større aktør i arbeidsmarknaden.
- Eg meiner den bør gå føre som eit godt eksempel for alle, og bli med på trainee Sunnmøre, seier Lund Jacobsen.

Eldre arbeidsstokk

I Sogn og Fjordane har Sparebanken Sogn og berekna at kvar fjerde arbeidstakar i Sogn og Fjordane går av med pensjon innan sju år.
Det fekk administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane til å advare næringslivet i fylket.
- Viss du sit som bedriftseigar så skal du ta rekruttering på alvor, sa Teigene til NETT NO.

NETT NO sitt anslag er at omlag 17 prosent av arbeidsstokken i Møre og Romsdal har sju år eller kortarte att til pensjonsalderen. Det er omlag ei normalfordeling, men det er store skilnadar mellom kommunane.

Vi får ikkje fornying viss vi ikkje hentar folk utanfrå

Publisert: 25.01.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51