Nytt
Smarte glas opnar ny nisje
Markiser, persienner eller gardiner for å hindre at du blir kokt på kontoret når sola steikjer? Rune Sætren i Nordvestvinduet har ein annan ide.
22.12.2017
Nordvestvinduet på Almenningen i Vågsøy har allereie levert smarte vindauge til eitt kontorprosjekt, og fått bestilling på ein leveranse til.
- Vi unngår solskjerming på utsida, seier administrerande direktør Svein Erik Nordbotten i EC Dahls Eiendom i Trondheim.
Bygget blir finare, eigedomsselskapet slepp utvending vedlikhald på solskjerming og inne blir det likevel behagleg også på solrike sommardagar.
EC Dahls Eiendom har hatt dei smarte vindauga på eitt kontorbygg i Trondheim sentrum frå i vår, og har bestilt slike vindauge i eit bygg til, rett i nabolaget.
Den varianten som blir frosta er til dømes mynta på vindauge som skal kunne stengast for innsyn. Vindauget som blir mørkt er laga for bruk til solskjerming.
Solskjermingsvindauga stoppar over 90 prosent av solenergien.
Det handlar om styring ved hjelp av sensorar, og også å kunne overvake og overstyre systemet ved hjelp av ein app på mobiltelefonen.
Det handlar og om å kunne bruke deler av vindusflata som solcellepanel, og bidra til straumproduksjon.
Den ekstra kostnaden blir vegen opp mot utgifter til vedlikehald, kjøling og utvending vedlikehald, og det er eit reknestykke som førebels blir lagt mest vekt på av profesjonelle brukarar.
Nordvestvinduet har ein toårig avtale med CG/Smartglass som sikrar selskapet einerett på bruk av glaset til bruk i vindauge med trerammer.
Blant anna er halvparten av bygga i det såkalla barcode-prosjektet ved operahuset i Oslo levert av Nordvestvinduet.
Nordvestvinduet har rundt 90 tilsette, dei fleste på fabrikken og hovudkontoret i Vågsøy. Noreg er hovudmarknaden. Største eksportmarknad er Storbritannia der Nordvestvinduet har to tilsette på sitt kontor i Skottland.
Selskapet har fleire aksjonærar, dei fleste medlemer i Almenning-familien. Dagleg leiar Rune Sætren eig 8,56 prosent i selskapet.
- Vi unngår solskjerming på utsida, seier administrerande direktør Svein Erik Nordbotten i EC Dahls Eiendom i Trondheim.
Bygget blir finare, eigedomsselskapet slepp utvending vedlikhald på solskjerming og inne blir det likevel behagleg også på solrike sommardagar.
EC Dahls Eiendom har hatt dei smarte vindauga på eitt kontorbygg i Trondheim sentrum frå i vår, og har bestilt slike vindauge i eit bygg til, rett i nabolaget.
Utviklingsprosjekt
Det handlar om såkalla elektrokrome glas, glas som kan gå frå blankt til nesten svart, eller frå blankt til frosta. Glaset leier straum, og det er det som gjer at glaset kan endre karakter.Den varianten som blir frosta er til dømes mynta på vindauge som skal kunne stengast for innsyn. Vindauget som blir mørkt er laga for bruk til solskjerming.
Solskjermingsvindauga stoppar over 90 prosent av solenergien.
Intergrerte solcellepanel
Sætren og kollegaene i Nordvestvinduet er midt i eit utviklingsprosjekt som skal ta teknologien enda vidare.Det handlar om styring ved hjelp av sensorar, og også å kunne overvake og overstyre systemet ved hjelp av ein app på mobiltelefonen.
Det handlar og om å kunne bruke deler av vindusflata som solcellepanel, og bidra til straumproduksjon.
Næringsbygg
Førebels er elektrokrome vindauge så dyre at marknaden først og fremst er å finne i næringsbygg og offentlege bygg, meiner Sætren.Den ekstra kostnaden blir vegen opp mot utgifter til vedlikehald, kjøling og utvending vedlikehald, og det er eit reknestykke som førebels blir lagt mest vekt på av profesjonelle brukarar.
Samarbeid
Utviklinga av det nye vindauget er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire selskap. Nordvestvinduet har med seg Vågsøybedriftene Sætren Installasjon (automasjon) Localhost (it-systemutvikling), Stryn/Vågsøybedrifta Farmhouse (prosessleiing) og glasprodusenten CG/Smartglass på Sørlandet.Nordvestvinduet har ein toårig avtale med CG/Smartglass som sikrar selskapet einerett på bruk av glaset til bruk i vindauge med trerammer.
Halve barcode
Omlag 60 prosent av driftsinntektene til Nordvestvinduet er standardvarer, men selskapet og markert seg som leverandør til prosjekt der det er meir snakk om skreddarsaum.Blant anna er halvparten av bygga i det såkalla barcode-prosjektet ved operahuset i Oslo levert av Nordvestvinduet.
Nordvestvinduet har rundt 90 tilsette, dei fleste på fabrikken og hovudkontoret i Vågsøy. Noreg er hovudmarknaden. Største eksportmarknad er Storbritannia der Nordvestvinduet har to tilsette på sitt kontor i Skottland.
Selskapet har fleire aksjonærar, dei fleste medlemer i Almenning-familien. Dagleg leiar Rune Sætren eig 8,56 prosent i selskapet.
Publisert: 22.12.2017 10:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16